Ny episode av podkasten Kraftlaget. Vil du leia framtidas sjukeheim?

Er du nysgjerrig på kva det eigentleg vil seia å vere einingsleiar ved ein heilt ny og moderne sjukeheim?
I denne korte podkastepisoden får du eit innblikk i både rolla, kvardagen og moglegheitene som ventar hos oss i Suldal kommune. Me skal rekruttera ein ny einingsleiar til Suldal sjukeheim – kanskje er det deg?

I studio møter du:

  • Svein Carlos Gjil, kommunalsjef for helse og oppvekst – om leiarskap og vidare utvikling.
  • Elin Mikkelsen Bakka, rådgjevar og del av byggeprosjektet – som tek deg med inn i historia bak det nye sjukeheimsbygget som stod klart i mai 2025.
  • Lisebeth Gjøse, konsulent og fagperson på velferdsteknologi – som forklarer korleis sjukeheimen er rigga med smarte, trygge og framtidsretta teknologiløysingar som støttar omsorga og gjer arbeidskvardagen enklare.

 

Episoden er perfekt for deg som vurderer å søkje, eller som berre vil få eit innblikk i tankane rundt sjukeheimen.

Les meir om stillinga her. 

Du kan lytta til Kraftlaget der du lyttar til podkast, og du finn episoden blant anna på Spotify.