Teknologi + læring + kraftproduksjonKva skjer når teknologi, læring og kraftproduksjon møtast? Då får me slike dagar som dette. Valfaget Programmering på 9. trinn ved Sand skule fekk teste ein splitter ny VR‑oppleving utvikla gjennom kraftturismeprosjektet til Suldal kommune og Næringshagen i Ryfylke. Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Frå venestre: Andreas Yrkje og Håvard Hagen Suldal kommune VR-brillerGjennom VR‑brillene kunne elevane ta steget rett inn i Saurdal kraftstasjon – i full 3D. Der kunne dei:klatre i stigar og konstruksjonartrykke på knappar og utføre oppgåverbevege seg fritt rundt i anleggetsjå korleis vatnet jobbar seg gjennom kraftverket og blir til energi Elevane fortalde at opplevinga var realistisk, intuitiv og lærerik, meinte at VR gjorde det mykje lettare å forstå korleis eit vasskraftverk fungerer. I tillegg ga dei gode råd om korleis VR opplevinga kan utviklast vidare.Kraftturisme i SuldalVR‑piloten er ein del av forprosjektet for å utvikle kraftturisme i Suldal – ei framtidsretta satsing som skal gi nye opplevingar, styrke lokal stoltheit og skape meir kunnskap om energi, industrihistorie og berekraft for både elevar, innbyggarar og besøkjande. Dette er starten på korleis ny teknologi kan bli ein viktig og engasjerande læringsarena for framtida! Forprosjektet er støtta med midlar frå Rogaland Fylkeskommune. Publisert 02.02.2026 15.04