Mangel på vaksine mot helvetesild (Shingrix)

På grunn av auka etterspørsel klarer ikkje leverandøren å dekka behovet etter vaksina. Suldal legekontor prioriterer pasientar i risikogruppa. 

Bakgrunn

Shingrix er ein vaksine som blir brukt for å verne mot helveteseld (herpes zoster). Det er særleg personar med betydeleg svekka immunforsvar som er mest utsette for alvorleg sjukdom.
Det er for tida stor merksemd rundt vaksina, og mange ønskjer å ta den.

Leverandøren av vaksina (GlaxoSmithKline), klarer for tida ikkje å dekkja etterspurnaden, og melder at mangelen er venta å vara til midten av mars.
Det finst ingen andre tilgjengelege vaksinar mot helveteseld. Forskriving blir difor prioritert til pasientar med auka risiko.

 

Pasientar med auka risiko: 

  • Personar som har gjennomgått stamcelletransplantasjon
  • Personar som har gjennomgått, eller skal gjennomgå, organtransplantasjon
  • Personar som har hematologisk kreft
  • Personar som har malign solid svulst
  • Personar som er HIV-positive
  • Personar som blir behandla med JAK-hemmarar
  • Personar som har primær immunsvikt som kjem av B- og/eller T-cellesvikt

 

Les her for meir informasjon, eller kontakt Suldal legekontor. 

Kontakt

Suldal legekontor
Telefon 52 79 23 00

Adresse: Eidsvegen 7, 4230 Sand

Les meir om opningstider på Suldal kommune sin nettside

Legevakt: 116117