Suldal - ein syngande kommune - Suldal kommune heimeside

Suldal - ein syngande kommune

Suldal kommune er no offisielt med i det landsdekkjande programmet Syngande kommune. Prosjektet går over tre år og er i regi av organisasjonen Krafttak for sang. Målet er å leggja til rette for meir song og songglede på ulike arenaer i lokalsamfunnet.

I dag er 43 kommunar over heile landet med i ordninga. Gjennom Syngande kommune får Suldal kurs, fagleg rettleiing og økonomisk støtte til å utvikla og styrkja songaktivitetar for innbyggjarane sine – i barnehagar, skular, omsorgstenester, frivillig sektor og i det offentlege rom.

 

Song skapar fellesskap og trivsel

Song gir glede, sterke musikalske opplevingar og kjensle av fellesskap og høgtid. Samstundes viser forsking at song kan vera eit effektivt verktøy for språkutvikling, hukommelse, integrering og for å styrkja det psykososiale miljøet.

For at kommunar og innbyggjarar over heile landet skal kunna ta del i desse positive effektane, har Krafttak for sang utvikla programmet Syngande kommune – ei satsing der song blir brukt som ressurs i kvardagen.

 

Gruppebilde av komiteen - Klikk for stort bileteDet er oppretta ein lokal koKomiteen består av Håkon Nielsen, Åshild Vetrhus, Nils Bjarne Vold, Tone Mari Sand og Tone Vold Solheim Suldal kommune

Lokal komité i Suldal

Det er oppretta ein lokal komité som skal jobba med satsinga i Suldal. Komiteen består av:

  • Håkon Nielsen
  • Åshild Vetrhus
  • Nils Bjarne Vold
  • Tone Mari Sand
  • Tone Vold Solheim

 

Komiteen skal planleggja og setja i gang ulike tiltak og aktivitetar knytt til song rundt om i kommunen dei komande åra.

 

Oppstart på Ryfylkedagane

Syngande kommune i Suldal blir markert med ei oppstartsmarkering under Ryfylkedagane, der det blir invitert til ei lita allsongstund på torget. Komiteen vil òg presentera satsinga i kommunestyret i nær framtid.

Vidare blir det jobba med fleire idéar og tiltak, og komiteen ønskjer gjerne innspel frå innbyggjarane. Har du forslag eller tankar om songaktivitetar i Suldal, er du velkomen til å ta kontakt.

 

Følg satsinga vidare

Meir informasjon om Syngande kommune og aktivitetane som kjem, blir publisert her på Suldal kommune si heimeside framover. Følg med – og bli med og syng!

 

For at norske kommunar og innbyggjarar skal kunna ta i bruk og ha glede av songen sine mange positive effektar, har Krafttak for sang utvikla programmet Syngande kommune.

Kontakt

Tone Vold Solheim
E-post
Mobil 45 61 59 16