Ny konferanse: Noregs største kraftkommune vil løyse kraftfloka - Suldal kommune heimeside

Ny konferanse: Noregs største kraftkommune vil løyse kraftfloka

5.–6. mai samlar energiminister Terje Aasland og nokre av dei tyngste stemmene innan kraft, politikk, industri og forsking seg i Suldal, når Noregs største kraftkommune inviterer til den nye konferansen «På innsida av krafta». 

Målet med konferansen er å løfte eit spørsmål som blir stadig meir påtrengande i norsk energidebatt: Kvifor har det vorte så krevjande å utvikla meir vasskraft?

Konferansen blir arrangert i Suldal, Noregs største kraftkommune, og samlar sentrale aktørar frå kraftbransjen, forsking, industri, politikk og kraftkommunar. Blant deltakarane er energiminister Terje Aasland.

Hydro Nesflaten - Klikk for stort bileteBLI MED PÅ INNSIDA: Deler av den nye konferansen «På innsida av krafta» vil foregå her, ved driftsbygningen til Suldal kraftverk på Nesflaten og Energihotellet som ligg i bakgrunnen. Visit Suldal / Dag Jensen

Utradisjonelt format

Alle seier at Noreg treng meir kraft. Samstundes er det påfallande kor lite offentleg debatt det faktisk er om utbygging, opprusting og vidareutvikling av vasskrafta – sjølve ryggrada i det norske energisystemet.

Konferansen ønskjer å gå rett til kjernen av problemstillingane: Korleis skal vasskrafta utviklast vidare i møte med auka kraftbehov, sterkare naturomsyn, meir krevjande prosessar og svekka lokal legitimitet?

«På innsida av krafta» er ikkje lagt opp som ein tradisjonell konferanse, men som eit arbeidsmøte, med færre deltakarar og vekt på rundebordssamtalar og tett dialog.

Rammene er òg utradisjonelle for ein konferanse, med felles reise frå Stavanger inn til Suldal som start på konferansen, og konferansebolkar som bokstaveleg talt går føre seg på innsida, inne i kraftstasjonane i Hylen og på Nesflaten.


Meir kraft, mindre konflikt

Bakgrunnen for konferansen er ei aukande erkjenning av at systemet ikkje er godt nok rigga for den nye bølgja av vasskraftprosjekt og moderniseringar som no tvingar seg fram.

Vertskommunar opplever at konfliktnivået er høgare enn før, samstundes som gevinstane lokalt ofte blir opplevde som mindre tydelege. Naturomsyn gjer prosessane meir komplekse, og tilliten blir svakare dersom folk ikkje opplever at kostnader og gevinstar er rimeleg fordelte.

Konferansen skal ikkje berre diskutera behovet for meir kraft, men gå tettare på kvifor det stoppar opp i praksis, og kva som må endrast dersom Noreg skal få meir kraft med mindre konflikt.


Suldal-erklæringa

Ambisjonen er at konferansen skal munne ut i Suldal-erklæringa – eit dokument som samlar dei viktigaste innsiktene, dilemmaa og prioriteringane frå samtalane under konferansen, og peikar på kva som bør endrast vidare.

Med «På innsida av krafta» ønskjer Suldal å løfte vasskrafta ut frå bakteppet i energidebatten. Konferansen gir ei sjeldan moglegheit til å koma tett på ein diskusjon som sjeldan blir samla i offentlegheita, ikkje berre om behovet for meir kraft, men om kvifor vegen frå behov til gjennomføring har vorte så krevjande.

 

Pressemelding frå Sannum og Bergstuen. Teksten er oversett til nynorsk av Suldal kommune.