Suldalsungdomar
Ryfylkealliansen
Suldalsungdommane, som deltar frå 8. klasse på Sand skule, kallar laget sitt MoTi og består av Thomas Veen-Fjetland, Ola Rodrigo Gjil, Monja Goa Bråtveit og Ida Solbakken. Me heier på dykk!
Ryfylkequizen handlar om, som namnet seier, Ryfylke - og kva ungdommane kan om alt frå ordførarar, kommunevåpen, mat, historie og næring i regionen. Ryfylkealliansen seier at føremålet med quizen er “at ungdomane skal bli meir kjent med regionen dei bur i, vera stolte, nysgjerrige og få meir kunnskap.”
Les gjerne meir om Ryfylkequizen her.
Oppdatering etter finalen 27. mai: Sand skule kom på ein solid 6. plass. Det var høgt nivå blant Ryfylkeungdommane i år, og ordførar Mads Drange kunne melda om “fantastisk innsats og finalen var spanande til siste slutt. Suldalsgjengen gjorde ein kjempeinnsats og slo godt ifrå seg!”