Kreative elevar

I samband med avdukinga av skulpturen “Historier i hand” har kunstnar Inga S Søreide hatt workshop med tre ulike klassar frå barnetrinnet på Sand skule. 

“Kunst skal få deg til å tenkja, og har ei historie å fortelja” fortel Søreide då ho startar workshopen med elevane i 3. klasse. Vidare spør ho elevane kva kunst er for noko, og kva det gjer med oss.

“Kunst kan gjera oss meir kreative,” seier nokon. “Utan kreativitet går ikkje verda framover,” er Søreide eining i. 

Kunst får oss til å utvikla kreativiteten, til å bruka fantasi, tenkja og reflektera. 

Elevane får utdelt leire, og etter å ha sett kva type skulpturar Søreide har laga, både på bilete og fysiske skulpturar ho har tatt med seg, set dei i gang. Elevane synast det er kjekt å arbeide med hendene. 

Skulpturen som Søreide har laga til Suldal sjukeheim førestiller ei hand med vassringar inni. Hendingar i livet, og menneske ein møtar, set spor i oss - slik som vassdropar gjer når dei treffer vatn. 

Vatn og organiske element er ein gjengangar i fleire av Søreide sine verk, og på Sand skule denne dagen ser ho og elevane ut vindauget og fortel at dei ser skog, trær, blomar, fjell og regn. Det er mykje vatn i Suldal - fjellvatn, elver, fossar og fjordar - kanskje det kan ha vore med å inspirere skulpturen som no skal stå permanent utanfor sjukeheimen?

Søreide fortel elevane at skulpturen er laga i bronse, men at di meir han blir slipt ned, di finare blir han. Då ser det nemleg ut som gull - og kunstnaren oppfordrar alle til å ta på, kjenne, sitje, og liggje på skulpturen - slik at han blir fin og polert. 

Avdukinga av “Historier i hand” og utstilling av elevane frå 3., 5. og 6. klasse sine kunstverk skjer utanfor Suldal sjukeheim fredag 22. mai klokka 11.30.