Endeleg rapport om barnehage- og skulebruksplanen er klar

Suldal kommune har motteke den endelege rapporten frå Norconsult knytt til vidare utgreiing av barnehage- og skulebruksplanen. Rapporten, med tilhøyrande vedlegg, gir eit omfattande og etterprøvbart kunnskapsgrunnlag som vil stå sentralt i den vidare politiske handsaminga av saka.

Eit viktig kunnskapsgrunnlag for politiske val

Kommunalsjef for oppvekst, Svein Carlos Gjil, og rådgjevar for helse og oppvekst, Tore Bastlien Dahl, viser til at rapporten no gir eit viktig felles utgangspunkt for den vidare saksbehandlinga.
– Rapporten frå Norconsult gir kommunen eit breitt og grundig kunnskapsgrunnlag som vil vera viktig i den vidare vurderinga av barnehage- og skulestrukturen i Suldal, seier kommunalsjef Svein Carlos Gjil.


Djupnanalysar av barns beste, tryggleik og framtidig struktur

Utgreiinga går i djupna på tema som barns beste, trygge skulevegar og transport, tilgang på kompetanse og faglege profesjonsfellesskap, samt dei demografiske og økonomiske realitetane Suldal kommune står overfor. Utgreiinga analyserer korleis ulike strukturalternativ påverkar både kvaliteten i barnehage- og skuletilbodet, organiseringa av tenestene og kvardagen til barn, elevar og familiane deira.

Arbeidet har vore eit samspel mellom eksterne faglege analysar og kommunal vurdering. Norconsult og Suldal kommune har hatt tydeleg avgrensa, men utfyllande roller i arbeidet.


Norconsult har hatt ansvar for dei overordna og strukturelle analysane. Dette omfattar vurderingar av befolkningsgrunnlag og framskrivingar, samfunnseffektar og konsekvensar av ulike strukturalternativ, samt analysar av økonomi, berekraft og kva alternativ som kan reknast som reelle og gjennomførbare over tid.


Suldal kommune har på si side gjort eigne faglege vurderingar knytt til kommunens ansvar som tenesteytar og skuleeigarmyndigheit. Dette omfattar vurderingar av barnets beste og reiseveg, pedagogisk kvalitet og tilgang på kompetanse, risiko, sårbarheit og beredskap (ROS), samt arbeid med medverknad, informasjon og kommunikasjon.


Etterprøvbar kunnskap gir betre grunnlag for val

– Kunnskapen me no har fått på bordet er etterprøvbar og viser tydeleg konsekvensane av dei ulike alternativa, seier rådgjevar Tore Bastlien Dahl.
– Dette er avgjerande for at me skal kunna gjera gode prioriteringar og sikra eit trygt, likeverdig og fagleg godt tilbod for alle barn og elevar i kommunen.


Vidare politisk handsaming

Saka vert no førebudd for vidare politisk handsaming i kommunen sine organ.

  • 1. juni - RMNF
  • 1. juni - Ungdomsrådet
  • 3. juni - Levekår
  • 4. juni - Formannskapet 
  • 18. juni - kommunestyret

 

Les rapportane her

Oppsummerande rapport - vidare utgreiing barnehage- og skulebruksplan Suldal kommune (PDF, 5 MB)

Prissette konsekvensar skule (PDF, 767 kB)

Alternativsvurdering alternativ 5 og 6 (PDF, 399 kB)

Minimumsstandardar for reelle alternativ (PDF, 5 MB)

Folketal, arbeidsplassar og attraksjon (PDF, 2 MB)

Berekraftmål 4 - god utdanning (PDF, 897 kB)

Kommuneøkonomi (PDF, 389 kB)

Berekraftsmål 11 (PDF, 525 kB)

Erfaringar frå referansekommunar (PDF, 2 MB)
 

Kontakt

Profilbilde av Svein Carlos Nilsen Gjil
Svein Carlos Nilsen Gjil
Ass.rådmann/komm.sjef
E-post
Telefon 99 07 88 63
Mobil 99 07 88 63