No kan du søkje kulturmidlar

No er det klart for å søkje kulturmidlar i Suldal kommune. Privatpersonar, lag og organisasjonar blir inviterte til å sende inn søknad om støtte til aktivitetar og tiltak som skaper liv og engasjement i lokalsamfunna våre.
Kulturmidlane skal bidra til eit aktivt og inkluderande Suldal, med gode tilbod for folk i alle aldrar. 

Kva kan du søkje om? 

Du kan mellom anna søkje om støtte til:

  • Driftstilskot
  • Kurstilskot
  • Starttilskot
  • Arrangementstilskot
  • Dekning av underskot ved kulturarrangement
  • Deltakartilskot
  • Nærmiljøtiltak
  • Tilskot til forsamlingshus
  • Tilskot til større arrangement og prosjekt


Prioriterer barn og unge

Gjennom ordninga ønskjer kommunen særleg å støtte aktivitetar for barn og unge, samtidig som ein legg til rette for eit levande kulturliv i heile kommunen.


Midlane skal òg bidra til:

  • sterke og inkluderande nærmiljø
  • livskraftige grender
  • lokal medverknad gjennom samarbeid med grendeutval og idrettsråd

 

Søknadsfristar

Du kan søkje kulturmidlar to gonger i året:

  • 1. mars – søknadsfrist vår
    (For våren 2026 er fristen 14. juni)
  • 1. september – søknadsfrist haust

 

Slik søkjer du

Alle søknadar skal sendast inn via kommunen sitt digitale søknadsskjema. Søknadane blir deretter handsama etter gjeldande prosedyrar.

Søk kulturmidlar her


Utbetaling

  • Tilskot frå vårsøknaden blir normalt utbetalt innan 31. mai
    (For 2026: innan 10. juli)
  • Tilskot frå haustsøknaden blir utbetalt innan 30. november

 

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om Kulturmidlane på våre nettsider

Kontakt

Kaspar Nilsen
Leiar
E-post
Telefon 92 22 48 84
Mobil 92 22 48 84