Kvifor ser kommunen på leiarstrukturen?
Bakgrunnen for arbeidet er vedteke budsjett, og handlingsprogrammet om å sjå nærare på korleis leiarressursane i skulane er organiserte. Kommunen ønskjer å sikra:
- stabile og føreseielege leiarteam
- god pedagogisk utvikling i skulane
- sterke fagmiljø og godt samarbeid
- mindre sårbarheit ved fråvær og endringar
- god ressursutnytting over tid
- trygge og føreseielege rammer for elevar og tilsette
Suldal kommune har mange små skular. Det gir nærleik og sterke lokalsamfunn, men kan også gjera organisasjonen meir sårbar ved fråvær, rekruttering og store utviklingsoppgåver. Målet med arbeidet er å finna løysingar som gjer skulane godt rusta for framtida, samtidig som ein tek vare på kvalitet, nærleik og lokale behov.
Open prosess med medverknad
Det er oppretta ei arbeidsgruppe med representantar frå administrasjonen, HR, tillitsvalde, vernetenesta og rektorgruppa. Gruppa har ei rådgjevande rolle og skal bidra til at saka blir godt opplyst gjennom kartlegging, drøftingar og medverknad.
Så langt er det mellom anna gjennomført:
- møte i arbeidsgruppa
- individuelle samtalar med leiarar
- arbeid med kartlegging av konsekvensar knytt til drift, tenestekvalitet, økonomi, personell og opplæringsbehov
- gjennomgang av ROS-analyse
Arbeidet blir gjennomført i tråd med kommunen si rutine for omorganisering, med enkelte tilpassingar.
Same organisering komande skuleår
Arbeidsgruppa er blitt samd om å bruke meir tid i prosessen før vidare arbeid etter sommaren. Det betyr at komande skuleår startar opp med same leiarstruktur som i dag.
For skuleåret 2026–2027 er det gjort følgjande mellombelse løysingar:
- Britt-Elin Håranes er konstituert ved Jelsa skule fram til 31.12.2026.
- Som følgje av at rektor ved Marvik skule har valt å avslutta i stillinga si er det gjort følgjande mellombels løysing: Anne Marie G. Rabba går inn som rektor ved Marvik skule frå 01.08.2026 til 31.12.2026, og vil i denne perioden også ha ansvar for Nesflaten skule.
- Tore Bastlien Dahl held fram som rådgjevar for helse og oppvekst til 31.12.2026
Vidare framdrift
Arbeidsgruppa skal møtast igjen i juni. Det er planlagt at endeleg avgjerd om ny organisering i september 2026. Ny leiarstruktur skal tre i kraft frå 1. januar 2027.
Målet er å leggja eit godt grunnlag for skulane i Suldal. Suldal kommune ønskjer ein open og ryddig prosess, der både tilsette, tillitsvalde, leiarar og innbyggarar får informasjon undervegs.