Slik har det ofte høyrdes ut på Skogsstjerna i Jelsa barnehage dette barnehageåret. Kvar fredag har eksperimentfredag vore ein fast aktivitet som borna har sett fram til med stor forventning. Når borna høyrer ordet “fredag”, er det ofte “eksperiment” som kjem først.
Borna har raskt samla seg rundt bordet og venta spent på kva eksperiment denne dagen skulle handle om. Før gjennomføring har me saman sett på utstyret, snakka om kva det er, og undra oss over kva som kan kome til å skje. Borna har kome med mange gode tankar, forslag og hypoteser.
Gjennom eksperimenta har me hatt fokus på undring, refleksjon og nysgjerrigheit. Me har snakka saman undervegs, utforska det som skjer, og etterpå reflektert saman over resultata og kvifor ting skjedde slik dei gjorde.
Store smil, engasjement, spenning og overrasking har prega eksperimentfredagane. Aktivitetane har variert både i lengd og innhald. Borna har mellom anna utforska kor mange bøker som skal til for å knuse fire egg, kor mange teiknestiftar som må til før ein ballong sprekk, kva som skjer når ein set fyr på ein tepose, korleis ein ballong kan blåse seg opp ved hjelp av natron og eddik, og kva som skjer når ein tilset ein drope Zalo i vatn med pepar.
Kva skjer når ein blandar eggekvite, bakepulver og konditorfarge, rører dette saman, og til slutt heller i eddik? Det kom mange gode svar, men det rette svaret var ein grøn vulkan! Borna synast det var så kjekt at me måtte gjere eksperimentet to gonger.
Ingrid Schibevaag
Innimellom har borna òg hatt eigne eksperiment både innandørs og utandørs. Då har eitt born vist fram eksperimentet, mens dei andre har sete spent rundt og fulgt med.
Eksperiment i barnehage er viktig fordi dei gir borna moglegheit til å utforske verda gjennom leik, erfaring og eige oppdagingar. Når borna får stille spørsmål, undre seg og prøve sjølve, utviklar dei både nysgjerrigheit og forståing.
I rammeplanen for barnehagen blir det òg lagt vekt på at borna skal få utforske natur, teknologi og samanhengar gjennom erfaringar og eksperimentering.
Eksperimentfredag har blitt ei ekstra kjekk og spanande avslutning på veka, og ei stund prega av undring, glede og felles opplevingar.
Skrive av Ingrid Schibevaag, pedagogisk leiar i Jelsa barnehage