Allsongen
Dei neste åra skal dei arbeida for å ta allsongen tilbake i kommunen, med eit mål om at fleire skal våga å bruka stemma dei har. For det skjer noko med oss når me syng saman. Song har til alle tider samla oss, i glede, sorg og kamp.
Men har me vorte for vane med å bli underhaldne, i staden for å delta sjølve? Har me mista litt av songen som bur i kvar enkelt av oss?
Vil du vera med å synga?
Møt opp på torget under Ryfylkedagane 6. juni!
Kl. 11.55–12.15 blir det allsong med Syngande kommune-koret – alle er hjarteleg velkomne til å heva røysta.
Vil du vita meir om prosjektet Syngande kommune?
Les meir på temasida vår her.