I år er det første gong elevane sjølve deltek aktivt. Målet er å bli betre kjende på tvers av grendene og styrkje både motivasjon og fellesskap.
– Når elevane møtest på denne måten, byggjer dei relasjonar på tvers av skulane. Det gir både tryggleik og motivasjon for læring, fortel einingsleiar ved Nesflaten skule, Anne Marie Gamlem Rabba.
Viste fram lokalsamfunnet
Alle dei tre skulane jobbar dette året med fellestemaet «Kommunen min». På Nesflaten fekk gjestene bli betre kjende med bygda gjennom elevstyrte aktivitetar.
Elevane hadde førebudd presentasjonar av fire sentrale arbeidsplassar: Energihotellet, Hydro, skulen og barnehagen, og Nærbutikken Nesflaten. Arbeidet er gjort i samarbeid med lokale aktørar, som har bidrege med kunnskap og innsikt.
Dagen starta med ei vandring der elevane gjekk frå stad til stad og presenterte arbeidet sitt.
Læring og trivsel hand i hand
Etter presentasjonane vart det ute-lunsj rundt bålpanna, ispinnar og ulike aktivitetar. Trass i skiftande vêr blei det ein vellukka dag med stort engasjement.
Held fram til hausten
Besøket på Nesflaten er første stopp i ein besøksrunde mellom skulane. Med støtte frå folkehelsefondet til transport ligg alt til rette for vidare samarbeid.
Til hausten reiser elevane frå Nesflaten på gjenvisitt til både Marvik og Jelsa.