Sommarfest i Erfjord

Kommunalt tilsette vart i går inviterte til Erfjord for sommaravslutning. Her trossa både både tilsette og lokale Erfjord-bedrifter regnbyger og fekk ein kjekk kveld saman!

Det vart servert asiatiskinspirert trerattars på blåskjelldekka bord, og sjølsavgt halde kviss om Erfjord. Det vart ein lærerik kveld med informasjon frå og om Erfjord Idrettslag, Joker Erfjord, kreative sjeler frå grenda, Leif Trevland med forteljingar, båten Kløver, Grieg seafood/Erfjord stamfisk, Erøyvik og bonde Kristina Østerhus. 

 

 

Tusen takk til festkomiteen, Erfjord musikkorps, bygdekvinnelaget, og bedriftene som lærte oss mykje nytt!