Endring i Lyse si hurtigladarteneste

Det er kome ei endring i korleis ein ladar Lyse sine hurtigladarar. 

Avtalen mellom Lyse og Bilkraft er avslutta frå 1. juni 2026. Dette betyr at Bilkraft-appen ikkje lenger fungerer for Lyse sine hurtigladarar. Lading på Lyse sine ladarar skal nå fungere heilt utan app, berre ved hjelp av å skanne QR-kode med kameraet på mobiltelefonen din. 

Kvar ladar skal no vera utstyrt med nye QR-kodar og ny bruksanvisning og informasjon for lading. Slik ladar du bilen din: 

  1. Sett ladekabelen i bilen din. 
  2. Skann QR-koden som er på ladaren eller ladekabelen. 
  3. Velg ladekoden som står på ladekabel.
  4. Fullfør betaling (med Vipps, Apple pay, Google pay eller bankkort).
  5. Start lading. 

 

Kan du ikkje skanna QR-koden? Gå til nettsida lade.lyselading.no og skriv ladekoden som står på ladaren, 4 siffer.

 

Oppskrift på Lyse si hurtiglading - Klikk for stort bilete Lyse

 

Døme på QR-kodar - Klikk for stort bilete