Det var ivrige elevar som fekk innblikk i korleis ein set poteter, og alle fekk prøve seg bak traktoren.
Å sette poteter er nyttig lærdom å ta med seg vidare i livet, og særs relevant i eit sjølvbergingsperspektiv. Elevane vil følgja prosessen frå “jord til bord”, og i neste steg få med seg innhaustinga. Poteta er allsidig i bruk, og har i århundre vore grunnsteinen i norsk kosthald. Det blir spanande å sjå korleis ein kan nytta desse potetene i ulike matrettar utover hausten.
Det vart ein fin dag i frisk luft og med sol i kinna!