Suldal kommune ønskjer å kjøpe to rekrutteringsbustader på Ropeidhalvøya

Suldal kommune ønskjer å rekruttera fleire innbyggjarar og treng dermed nøkkelferdige bustader på Ropeidhalvøya. Dei må ha minimum to soverom og skal stå anten på Huldrehaugen eller Kjølvikstølen. Eitt husvære i kvart av byggjefelta, eller alternativt begge bueiningane samla på Kjølvikstølen. 

Kvifor?

Det er fleire grunnar til det. Me veit at å busetja seg i Suldal ikkje er ei “beint fram” sak for alle. For nokon kan det vera greitt å prøvebu først, for så å kjenna på om det søte suldalslivet gir meirsmak. 

Difor vil me tilby “leige før eige”, altså at den som ønskjer kan prøvebu ved å leige bustad først. Dersom ein trivst kan ein få tilbod om å kjøpe og eige bustaden sin seinare. I tillegg ønskjer me byggeaktivitet i dei kommunale bustadsfelta. 

Marvik - Klikk for stort bileteMarvik

Kva er me ute etter?

Me vil ha kontakt med deg eller dykk som kan levera:

  • 1 bueining i Huldrehaugen bustadfelt på Marvik + 1 bueining i Kjølvikstølen bustadfelt. Alternativt 2 bueiningar samla på Kjølvikstølen. 
  • Total ramme for alle 2 bueiningar er på kr. 7,5 millionar kr. inkludert alle kostnadar og avgifter. 
  • Bueiningane må vere innanfor gjeldande byggjeforskrift. 
  • Suldal kommune stiller med kommunal tomt. 

 

Interessert?

  • Då kan du kontakta kommunalsjef Øyvind Stueland (telefon 91 38 14 07 eller e-post oyvind.stueland@suldal.kommune.no) 
  • Du må sende inn eit tilbod innan 01. august 2026. 
  • Tilbydar må levere eit eller fleire prosjekt med detaljert skildring av bueiningane, forslag til plassering, og med pris per bueining. 
  • Alle kostnadar skal vere inkluderte i tilbodet. Suldal kommune skal kjøpe ei nøkkelferdig bueining. 

 

Marvik - Huldrehaugen: fem ledige byggeklare tomter

Huldrehaugen bustadfelt  - Klikk for stort bileteHuldrehaugen bustadfelt

 

Kjølvikstølen: fem ledige byggeklare tomter 

Kjølvikstølen bustadfelt  - Klikk for stort bileteKjølvikstølen bustadfelt

 

Les meir om prøvebu-ordninga

Kontakt

Profilbilde av Øyvind Stueland
Øyvind Stueland
Ass.rådmann/komm.sjef
E-post
Telefon 91 38 14 07
Mobil 91 38 14 07