Testing av Nødvarsel på mobil

Onsdag 10. juni klokka 12:00 testar Sivilforsvaret sine varslingsanlegg. Då får du melding om Nødvarsel på mobilen din dersom den er kopla til 4g- eller 5g-nett. I tillegg vil tyfonane gi varsel om “Viktig melding - søk informasjon”. 

Klokka 12 vil altså mobilen din vibrere og lage ein høg varslingslyd. Dette er berre ein test, og dersom du ikkje ønskjer at mobilen din skal få naudsignalet kan du setje den i flymodus i god tid før klokka 12. 

Føremålet med testen er at me skal gjere oss kjende med kva signal som blir varsla - både frå mobil og tyfonane. Det er rutine at varslingsanlegga blir testa den andre onsdagen i januar og i juni. Føremålet er at me skal bli kjende med korleis naudvarsla høyrest ut, og for at Sivilforsvaret kan utbetre eventuelle feil. 

Tyfonane si sirene lagar lyd i tre seriar med eit minutts opphald mellom seriane. Dette betyr “Viktig melding - søk informasjon”. Ved ei reell varsling skal du då søkje informasjon på radio, sosiale medium eller internett. 

Les meir om testen på Statsforvaltaren si nettside og Sivilforsvaret si nettside. 

 

Nødvarsel på mobil - Klikk for stort bileteNødvarsel på mobil DSB