Kommunedirektøren sitt forslag til budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030Kommunedirektøren presenterte 29. oktober sitt framlegg til budsjett og økonomiplan for kommunestyret.Turid Vaage Omega 365 Design Suldal kommune går inn i 2027 med eit godt økonomisk utgangspunkt. Kraftinntektene har gitt kommunen eit handlingsrom som gjer det mogleg å både investere i tenester og utvikling, samstundes som ein byggjer reservar for framtida.Samtidig er delar av inntektsgrunnlaget sårbart for endringar. Ein viktig balanse for kommunen er å nytte handlingsrommet klokt og sikre evna til å tilpasse seg dersom føresetnadane endrar seg.Økonomiplanen for perioden 2027–2030 byggjer i hovudsak vidare på tidlegare vedtak og prioriteringar. Hovudvekta ligg på å gjennomføre tiltak som allereie er vedtekne eller sette i verk, og å sikre god styring og vidare utvikling av kommunen sine tenester.Trass i eit godt økonomisk utgangspunkt står kommunen overfor dei same utfordringane som mange andre kommunar. Utgiftene aukar meir enn inntektene, og prognosane viser at denne utviklinga vil halde fram i åra som kjem. Det gjer det nødvendig å arbeide vidare med omstilling, utvikling og prioritering for å sikre eit berekraftig tenestetilbod og ein økonomi som står seg over tid.Budsjettforslaget skal no behandlast politisk før kommunestyret gjer endeleg vedtak. Du kan sjå opptak frå presentasjonen her. Les heile budsjettframlegget her. Publisert 29.10.2026 18.24
Mibau Stema - Detaljplan for Råstoffutvinning Berakvam - Kordalsnuten - PlanID 202301- Kunngjering av vedteken plan. Mibau Stema - Detaljplan for Råstoffutvinning Berakvam - Kordalsnuten - PlanID 202301-Kunngjering av vedteken plan.
Hugs å søkje om godkjenning av innmarksbeite som spreieareal Gjødselbrukforskrifta stiller krav om godkjent spreieareal for å spreie gjødsel på innmarksbeite uavhengig av typen gjødsel som blir brukt. Dette inne...
Driftsproblemer hjå microsoft Det er driftsproblem hjå Microsoft, noko som gjer at outlook/e-post er for tida nede for Suldal kommune.
Infopunkt i Suldal kommune Når mobilnettet og internett sviktar, blir kommunen si evne til å kommunisere med innbyggjarane sine utfordra. Desse informasjonspunkta er meinte som ...
Folkehelseundersøkinga i Rogaland 2026 I midten av november får 80 000 innbyggarar i Rogaland invitasjon til å delta i ein folkehelseundersøking i fylket vårt. Folkehelseinstituttet (FHI) g...
Rapport frå ekstern vurdering - Jelsa oppvekstsenter, avd. barnehage 2026 Sauda, Suldal og Vindafjord samarbeider om kvalitetsutvikling i barnehage og skule. Ein del av dette arbeidet handlar om å vurdera kvarandre sin praks...
Landbruket i Rogaland sin hederspris 2026 Kven frå Suldal fortener heider i Rogaland for ein ekstra innsats i landbruket?