
Kvifor gjennomfører vi undersøkinga?
Undersøkinga skal gi kunnskap om korleis innbyggarane har det. Svara viser mellom anna:
korleis folk vurderer si eiga helse
kva som påverkar trivselen og livskvaliteten
kva utfordringar folk møter i kvardagen
Denne kunnskapen hjelper kommunen med å forstå behova til innbyggarane og setje inn tiltak der behova er størst.
Kvifor er undersøkinga nyttig for kommunen?
Resultata er eit viktig grunnlag for arbeidet med å utvikle gode tenester og lokalsamfunn i kommunen.
Når vi veit meir om helsa og trivselen til innbyggarane, kan vi tilpasse tenestene og tiltaka våre betre. Resultata kan mellom anna hjelpe oss med å planlegge helsefremmande aktivitetar og førebyggande tiltak.
Det er derfor viktig at så mange som mogleg av dei inviterte svarer. Mange svar gir kommunen eit betre grunnlag for å prioritere og planlegge.
Korleis går undersøkinga føre seg?
Undersøkinga er digital og tar om lag 15–20 minutt å svare på. Dei som blir trekte ut, får ein invitasjon frå FHI via Helsenorge. Det er trygt å delta. FHI behandlar alle svar konfidensielt og følger strenge reglar for personvern. FHI presenterer berre resultat for grupper. Det skal derfor ikkje vere mogleg å kjenne igjen svara frå enkeltpersonar.
Vinn gåvekort
Alle som svarer på undersøkinga, er med i trekninga av ti gåvekort på 1 000 kroner kvar.
Vi håper at alle som får ein invitasjon, vil svare. Svaret ditt gir kommunen betre kunnskap om helsa, trivselen og livskvaliteten til innbyggarane. Kunnskapen hjelper kommunen med å planlegge gode tenester og tiltak.
Lurer du på noko?
Du kan lese meir om undersøkinga på FHI sine nettsider https://www.fhi.no/hs/folkehelseundersokelsene-i-fylkene/
Har du fått ein invitasjon til å svare på spørjeskjemaet og treng teknisk eller praktisk hjelp, eller har du spørsmål om rettane dine? Då kan du lese vår artikkel med ofte stilte spørsmål her https://www.fhi.no/hs/folkehelseundersokelsene-i-fylkene/ofte-stilte-sporsmal-om-folkehelseundersokelsen-i-fylkene/ eller send ein e-post til FHI på nhus-deltaker@fhi.no.