Hugs å søkje om godkjenning av innmarksbeite som spreieareal

Gjødselbrukforskrifta stiller krav om godkjent spreieareal for å spreie gjødsel på innmarksbeite uavhengig av typen gjødsel som blir brukt. Dette inneber at det krevst godkjenning frå kommunen for å køyre ut både husdyrgjødsel, mineralgjødsel og kalk på innmarksbeite.  

Overgangsregel fram til utgangen av 2027 

Fram til 31. desember 2027 kan det framleis gjødslast med mineralgjødsel og kalk på innmarksbeite utan godkjenning dersom det ligg føre gjødslingsplan frå 2022 eller 2023 som dokumenterer at arealet vart tilført mineralgjødsel.  
Dersom ein ønskjer å halde fram med gjødsling av desse beitene etter 2027 må arealet godkjennast som spreieareal.  

Ta kontakt med kommunen 

Kommunen behandlar søknader om godkjenning av innmarksbeite som spreieareal og kan godkjenne innmarksbeite: 

  • for bruk av mineralgjødsel (og kalk), eller 
  • for alle typar gjødselvarer, inkludert organiske gjødselvarer. 

Ver ute i god tid 

Vi oppmodar alle som nyttar innmarksbeite og planlegg å tilføre gjødsel eller kalk, om å undersøkje status for areala sine og eventuelt sende søknad til kommunen i god tid før 2028. 

Trykk her for å vite meir om gjødselbrukforskrifta og for kontaktinfo til kommunen:

Kontakt