Kommunedirektøren sitt forslag til budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030Kommunedirektøren presenterte 29. oktober sitt framlegg til budsjett og økonomiplan for kommunestyret.Turid Vaage Omega 365 Design Suldal kommune går inn i 2027 med eit godt økonomisk utgangspunkt. Kraftinntektene har gitt kommunen eit handlingsrom som gjer det mogleg å både investere i tenester og utvikling, samstundes som ein byggjer reservar for framtida.Samtidig er delar av inntektsgrunnlaget sårbart for endringar. Ein viktig balanse for kommunen er å nytte handlingsrommet klokt og sikre evna til å tilpasse seg dersom føresetnadane endrar seg.Økonomiplanen for perioden 2027–2030 byggjer i hovudsak vidare på tidlegare vedtak og prioriteringar. Hovudvekta ligg på å gjennomføre tiltak som allereie er vedtekne eller sette i verk, og å sikre god styring og vidare utvikling av kommunen sine tenester.Trass i eit godt økonomisk utgangspunkt står kommunen overfor dei same utfordringane som mange andre kommunar. Utgiftene aukar meir enn inntektene, og prognosane viser at denne utviklinga vil halde fram i åra som kjem. Det gjer det nødvendig å arbeide vidare med omstilling, utvikling og prioritering for å sikre eit berekraftig tenestetilbod og ein økonomi som står seg over tid.Budsjettforslaget skal no behandlast politisk før kommunestyret gjer endeleg vedtak. Du kan sjå opptak frå presentasjonen her. Les heile budsjettframlegget her. Publisert 29.10.2026 18.24
Ungdata i Suldal: Dei fleste er godt nøgde med livet sitt Undersøkinga blei gjennomført i mars i år, og viser at dei fleste ungdomsskuleelevane i Suldal stort sett har det bra. 89 prosent er heilt eller litt ...
Heim for ein 50-lapp - trygg heimreise for ungdom Er du mellom 13 og 18 år? Då kan du nytta deg av ei ordning som sikrar trygg heimreise frå ungdomsklubbar og arrangement på fredags- og laurdagskvelda...
Seniortaxi Er du over 65 år og treng transport? Då kan du bestilla Seniortaxi for berre 50 kroner per tur.
Podcast frå Suldal kommune I dag kan du lytte til første episode av podcasten vår, Kraftlaget! Denne podcasten er laga for tilsette i Suldal kommune, men er open for alle som vi...
Wind Works Infrastructure og havvindplanar i Suldal kommune Me registrerer at WindWorks Infrastructure, etter ei tid med sonderingar, ikkje ser grunnlag for å ta opp at forhandlingar med og Mibau Stema Norge om ...
Endre kor ofte du får faktura for kommunale eigedomsavgifter I desse dagar har me sendt ut faktura for kommunale eigedomsavgifter. Visste du at du kan logge inn i Min side og endre kor ofte du vil motta faktura ...
Gratis ungdomskort i Ryfylke frå 01.september Ungdom i Ryfylke-kommunane kan reisa gratis med kollektivtransport i Rogaland. Her finn du informasjon om ungdomsbilletten.
Bli med og kjemp mot Landøyda! Landøyda er ei giftig plante. Riv den opp med rota, putt den i ein pose og kast posen i restavfallet! Bruk hanskar i arbeidet. Oppfordringa kjem frå S...