SeniortaxiEr du over 65 år og treng transport? Då kan du bestilla Seniortaxi for berre 50 kroner per tur.Kven kan bruka Seniortaxi?Personar over 65 år som ikkje kan køyra sjølv, og ingen i husstanden kan køyra.Ordninga gjeld ikkje for dei som har TT-kort. Kvar kan du reisa?Innanfor Suldal kommune.Dei som bur i Vanvik kan reisa til og frå Sauda. Viktig å vita:Seniortaxi kan ikkje brukast til reiser som det offentlege dekkjer.Taxisjåførane prøver å samordna transporten så godt som mogleg.Eigenbetalinga er 50 kroner per tur, uansett kor langt du skal. Ofte stilte spørsmål om seniortaxi Kan eg bruka Seniortaxi til private besøk? Ja, du kan bruka Seniortaxi til alle formål, som private besøk, handling, frisør, tannlege, konsertar, arrangement og meir. Unntaket er om du har plass på kommunen sitt dagsentertilbod, då finst det ei eiga skyssordning.Kan eg bruka Seniortaxi til ein legetime? Ja, du kan bruka Seniortaxi til legekontoret. Taxisjåføren kan spørja om innkallinga til legetimen seier at du har rett på transport. I så fall blir turen betalt gjennom andre ordningar.Kan eg bruka Seniortaxi sjølv om eg, eller andre i heimen, har bil? Ja, om du eller andre i heimen synest det er utrygt eller vanskeleg å køyra sjølv, kan du bruka Seniortaxi. Det er di eiga vurdering som avgjer om det er rett med Seniortaxi.Om du til dømes ikkje liker å køyra i mørket, når det er glatt, når det regnar eller når andre ting gjer deg utrygg, kan du bruka seniortaxi. Det viktigaste er at du ikkje blir verande heime fordi køyringa er ei utfordring.Kan eg nytta seniortaxi når eg har drukke alkohol og ikkje kan køyra heim sjølve?Nei, det er ikkje mogleg å nytta seniortaxi i slike høve. Seniortaxi er eit tilbod for personar over 65 år med behov for transport grunna redusert mobilitet eller andre helsemessige årsaker – ikkje som alternativ til eigen bil ved alkoholinntak.Kan eg ha med meg ein medpassasjer som er under 65 år og som heller ikkje kan køyra sjølv? Ja, det kan du. Medpassasjeren må også betala 50 kroner.Gjeld tilbodet også på søndagar?Ja, du kan også nytta seniortaxi på søndagar.Kan eg nytta ordninga på raude dagar/heilagdagar? Nei, du kan dessverre ikkje nytta ordninga på raude dagar/heilag dagar. Treng eg spørja taxisjåføren eller andre om turen eg bestiller er i tråd med reglane? Nei, det er du sjølv som avgjer dette. Du treng ikkje opplysa om formålet med turen. Om du er i tvil, er det fint om du på førehand spør kommunen om å tolka reglane i staden for taxisjåføren.Gjeld eigenbetalinga på 50 kroner både for turen til reisemålet og heim att? Nei, returen blir rekna som ei eiga reise, så det blir 50 kroner kvar veg. Om de er fleire som reiser saman, må alle betala 50 kroner kvar.Eg har TT-kort, men eg har ikkje fleire turar på kortet. Kan eg nytta meg av denne ordninga då?Ja, det kan du. Blir taxiselskapa kompensert for ventetid ved bruk av seniortaxi?Nei, det blir ikkje gitt kompensasjon for ventetid. Kan eg ha med rullestol?Ja, det kan du.Kva er nummer til taxiselskapa?Haugaland taxi - 08181Vatlandsvåg taxi - 52 79 52 00Sauda taxi - 52 78 24 07Løland taxi - 93 41 75 70 Ordninga er eit samarbeid med Kolumbus. Publisert 11.04.2025 14.09