Podcast frå Suldal kommune

I dag kan du lytte til første episode av podcasten vår, Kraftlaget! Denne podcasten er laga for tilsette i Suldal kommune, men er open for alle som vil lytte. Kanskje du vurderer å flytte til Suldal og vil høyre om alt det spanande me gjer i organisasjonen? 

Du finn podcasten der du vanlegvis lyttar til andre podcastar

I første episode blir du kjent med vertane, Bente Tednes Gjil og Elisabeth Bjørkhaug. Du får også høyre om kva eininga Organisasjon og innbyggarkontakt jobbar med, kva me vil med podcasten framover, og kvifor Suldal kommune har starta ein podcast.

 

Podcasten vår er ein ny måte å informere og engasjere på

Me tar opp tema som er relevante for arbeidslivet i Suldal kommune. Samstundes blir vi betre kjent med kollegaene våre på tvers av einingar. Podcasten er også ein flott arena for rekruttering og viser alle moglegheitene som finst i Suldal kommune som organisasjon. 

Gjestene me får i podcasten neste episode er friluftsmenneske, og eit hint er at dei brukar størsteparten av arbeidstida si ute i naturen. Det er berre å glede dykk!

Lytt no og bli med på reisa!