Ungdata i Suldal: Dei fleste er godt nøgde med livet sitt

Undersøkinga blei gjennomført i mars i år, og viser at dei fleste ungdomsskuleelevane i Suldal stort sett har det bra. 89 prosent er heilt eller litt einig i at livet er bra.
145 elevar (90%) frå 8.-10- trinn i Suldal har svart på undersøkinga som vart gjennomført på skulen. Elevane har svart på spørsmål som er knytta til deira liv, fritid, skule og helse. 

-Barne- og ungdomsrettleiar Magnus Skjefstad seier at det er gledeleg at fleire av resultata frå årets ungdataundersøking tydar på at mange har det bra. Det er likevel viktig å huske på at det fortsatt er ungdom som oppgir å ha det vanskelig på ulike områder i livet.

Ungdata

Kvart år blir skuleelevar over heile landet inviterte til å vere med i spørjeundersøkinga Ungdata. Undersøkinga er frivillig og handlar om korleis barn og unge har det på ulike område, og kva dei driv med på fritida.
 

I Rogaland og Suldal blir undersøkinga gjennomført kvart tredje år. Resultata skal følgjast opp og gir eit kunnskapsgrunnlag for helsefremjande og førebyggjande ungdomsarbeid og politikkutvikling lokalt, regionalt og nasjonalt.
 

Skjefstad, som har koordinert undersøkinga i Suldal set stor pris på at så mange ungdommar har teke seg tid til å svare på undersøkinga. Han vil også rette ei stor takk til tilsette på Sand Skule som har stått for gjennomføringa.


Hovudtrekk

Resultata viser at dei aller fleste ungdomsskuleelevar i Suldal stort sett har det bra. 89 prosent av elevane på ungdomsskulen synest livet er bra. 9 av 10 har ein venn dei kan snakke med om alt mogleg, og eit stort fleirtal er også godt nøgde med foreldra sine. Samanlikna med tidlegare år ser me ein aukande del som svarar at dei er nøgde med helsa si og er meir fysisk aktive. 
Mange deltek også i faste fritidsaktivitetar, og deltaking i idrettslag har tatt seg opp etter 2022.
 

Skulen er ein god stad å være for dei aller fleste – men ikkje for alle. Ser me på tal tilbake til 2010 kan me sjå ein gradvis nedgang i skuletrivsel - dette speglar seg også i resultata frå fylket og landet generelt. Refleksjonar blant ungdomsrepresentantar, leiarar og tilsette i helse og oppvekst peikar på teoribyrden i dagens skulestruktur. Er den nok tilpassa dagens ungdomsskuleelevar? 75% svarar at dei synes lærarane bryr seg - noko som er bra, likevel er det 86% som er litt eller heilt einig i at dei kjedar seg på skulen og 33% som gruar seg ofte til å gå på skulen. 

Plakat Suldal - Klikk for stort bileteUngdata 2025 Suldal kommune


Rapporten

Her kan du lese hovedrapporten (PDF, 703 kB)


Skjermtid

Mange barn og unge brukar fleire timar av fritida si på skjermaktivitetar. 65 prosent av ungdomsskuleelevar svarar at dei brukar tre timar eller meir framfor ein skjerm dagleg etter skuletid. Etter ein auke i skjermtid frå 2016, har det dei siste åra vært ganske stabile tal. Har me nådd eit mettingspunkt i skjermtid for ungdomsskuleelevar? Generelt brukar suldalsungdom mindre tid på sosiale medium enn landsgjennomsnittet.


Røyk og Snus

På ungdomsskulen er det få som røykjer, snusar eller bruker e-sigarettar. Gjennom åra har trenden vore nedgåande. 
I følgje undersøkinga har dei færraste byrja å drikke alkohol. Delen som svarar at dei drikk alkohol er noko lågare enn i landet generelt, og det har ikkje vært ei auke frå tidlegare år. 
I forhold til bruk av narkotika er det svært låge tal. Det har vært ein nedgang i prosentdel av elevane på ungdomstrinnet som har fått tilbod om hasj eller marihuana i løpet av det siste året - Frå 14 prosent i 2016 til 8 prosent i 2025. 
 

Psykisk helse

Psykisk helse blant ungdom har over tid være eit område det er retta stor merksemd mot.
9 prosent av gutar og 16 prosent av jenter på ungdomsskulen har hatt mange psykiske plager sist veke. Samla er dette det same som ca 1 av 8.  På den andre sida svarar 81 prosent av ungdomsskuleelevane at dei den siste veka har vært optimistisk om framtida, 74 prosent har kjent seg nyttig og 88 prosent har vore engasjert.
46 prosent synes tilbodet av lokale der ein kan treffe andre unge på fritida er bra, og 21 prosent synes kollektivtilbodet er bra. I Suldal er ungdomsskuleelevar mindre nøgd med fritidslokaler og kollektivtransport enn landsgjennomsnittet. 


- Helsesjukepleiar på Sand Skule Esther Thorsen seier at det er forventa i ein ungdomspopulasjon at det til ein kvar tid er personar som opplever psykiske plagar. Det er viktig at me som kommune tek ungdommane si psykiske helse på alvor. Tidleg innsats kan bidra til å styrka den psykiske helsa i heile befolkninga, og er viktig for å førebygge at psykiske plagar utviklar seg til alvorlege lidingar. Me treng tilgjengelege tenester som gjer at både barn, ungdommar og familiar kjenner seg trygge på at det er støtte og hjelp å få når utfordringar oppstår


Om ungdata

Velferdsforskinginstituttet NOVA ved OsloMet har det overordna faglege og juridiske ansvaret for undersøkinga, og for å sikre at datainnsamlinga skjer i tråd med lovar, reglar og etiske retningslinjer. Ungdatasekretariatet ved NOVA koordinerar og administrerar alle undersøkingane. 


KoRus har ansvar for å bistå kommunar og fylkeskommunar i sin region med planlegging og gjennomføring av undersøkinga, samt rettleiing og analyse knytt til tolking av resultata. 


Kommunar og fylkeskommunar har ansvar for den praktiske gjennomføringa i samarbeid med skulane. 


Helsedirektoratet finansierar Ungdata gjennom eit årleg tilskot via statsbudsjettet. Tilskotet dekkjer gratistilbodet til kommunar og fylkeskommunar og sekretariatet ved Ungdatasenteret. 
Les meir om Ungdata på ungdata.no
(Dei nyaste tala er enno ikkje publiserte på ungdata.no)
 

Kontakt

Profilbilde av Magnus Skjefstad
Magnus Skjefstad
E-post
Telefon 45 25 08 04
Mobil 45 25 08 04