Wind Works Infrastructure og havvindplanar i Suldal kommune

Me registrerer at WindWorks Infrastructure, etter ei tid med sonderingar, ikkje ser grunnlag for å ta opp at forhandlingar med og Mibau Stema Norge om ein havvindbase på Jelsa. Dette er sonderingar Suldal kommune ikkje har vore ein del av, men me har heile vegen vore klar over at dette var eit mogeleg utfall.

Me synes det er synd at planane no er lagt vekk, for Suldal kommune sin del, men mest av alt for regionen som har behov for fleire grøne industriarbeidsplassar.

Tilrettelegging for ny grøn industri i deler av det eksisterande dagbrotet til Mibau Stema, låg til grunn for kommuneplanen som vart vedteken for snart to år sidan, kor eit nytt stort areal vart omregulert til mineralutvinning. Dette var noko både fylkeskommunen og statsforvaltar peika på i si handsaming av planen, og er noko me framleis forheld oss til.

Mangel på næringsareal er ei stor utfordring i regionen vår, og gjenbruk av «grå» areal er viktig i så måte. Me vil no gå i dialog med Mibau Stema om korleis me kan realisera intensjonane i kommuneplanen, og samstundes sikra vidare drift for steinbrotet som er ein viktig hjørnesteinsbedrift i Suldal kommune.

 

Spørsmål

For spørsmål, kontakt Suldal kommune ved ordførar Mads Drange

Tlf: 99 25 45 43

E-post: mads.drange@suldal.kommune.no