Endre kor ofte du får faktura for kommunale eigedomsavgifter

I desse dagar har me sendt ut faktura for kommunale eigedomsavgifter. Visste du at du kan logge inn i Min side og endre kor ofte du vil motta faktura for dei kommunale eigedomsavgiftene dine?

Betale 2, 4 eller 12 gonger per år

Tidlegare har me altså fakturert deg for kommunale eigedomsavgifter to gonger i året. No kan du velge sjølv om du vil betale 2, 4 eller 12 gonger pr år. Endringane du gjer vil gjelda frå neste fakturering.
Om du ønskjer at dette skal gjelde for fakturaren me har sendt ut no (betalingsfrist mars), må du skynte deg og gjere endringane innan 15. februar. 


Endre kor ofte du får faktura her
 

Du kan også søka om å utsetta betaling av faktura for andre kommunale tenester

Søk om betalingsutsetting her