Skulefritidsordninga (SFO)

Skulefritidsordninga (SFO)

Skulefritidsordninga(SFO) skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår.

Tilbodet er for barn i 1. – 4. årssteg og for barn med særskilte behov i 1. – 7. årstrinn.

Ansvarlege for SFO på skulane

Ansvarlege for SFO på skulane
Skule Namn Telefon Mobil
Erfjord skule Aina Vaage 52790830 45201277
Marvik skule Tanja Bergby 52790840 41556578
Jelsa skule Karin S. Nessa 52790350 47266449
Nesflaten skule Anne Marie Rabba 52790983 98848380
Sand skule Jorunn Hoås 52790801 91574334
Vinjar skule Vibecke Håheim 52790900 91316455
Betaling
Skulefritidsordning
Ordning Betalingssatsar frå 01.01.24
SFO 1 Kortdag kr 1 411
SFO 2 Langdag kr 2 686
SFO 4 Full ferie kr 300
SFO 5 Feriepakka (3 veker) kr 200
Ekstra dag SFO (når det er skule) kr 178
  • SFO 1 Kortdag = del av dag før og etter skulen. Start- og sluttid kan variera frå skule til skule. Du kan ta kontakt med din SFO for meir informasjon.
  • SFO 2 Langdag = frå kl. 07:30 til skulestart og frå skuleslutt til kl. 16:30. Start- og sluttid kan variera frå skule til skule. Du kan ta kontakt med din SFO for meir informasjon.
  • Du får 30 % søskenmoderasjon i prisen for 2. barnet og 100 % søskenmoderasjon frå 3. barnet familien har i barnehagen eller SFO. Det yngste barnet betalar full sats.

Dersom du ønskjer meir informasjon om betaling for SFO kan du lesa meir ved å følgja denne lenka. 

Søkje eller endre SFO-plass

Du kan søkje, sei opp eller gjer endringar på eksisterande SFO-plass via oppvekstportalen.

  • Søknaden gjeld frå du har fått innvilga søknad og ut 4. klasse.
  • Ved oppseiing er fristen oppseiingsmånaden + etterfølgjande månad.
Britt Elin Håranes
Rådgjevar oppvekst
E-post
Telefon 40 48 22 26
Mobil 40 48 22 26