Prisar og betaling SFO

Prisar og betaling SFO

Skulefritidsordning
Ordning Betalingssatsar frå 01.01.24
SFO 1 Kortdag kr 1 411
SFO 2 Langdag kr 2 686
SFO 4 Full ferie kr 300
SFO 5 Feriepakka (3 veker) kr 200
Ekstra dag SFO (når det er skule) kr 178

 

  • Frå og med skuleåret 2023-24 får alle barn på 1., 2. og 3. trinn, etter søknad,  tilbod om 12 timar gratis skulefritidsordning.
  • SFO 1 Kortdag = del av dag før og etter skulen. Start- og sluttid kan variera frå skule til skule. Du kan ta kontakt med din SFO for meir informasjon.
  • SFO 2 Langdag = frå kl. 07:30 til skulestart og frå skuleslutt til kl. 16:30. Start- og sluttid kan variera frå skule til skule. Du kan ta kontakt med din SFO for meir informasjon.
  • Der det er tre barn eller mindre som har behov (SFO), skal tilbodet samordnast med barnehagen. Ferielukking av nokre barnehagar kan vera aktuelt dersom ein sikrar at barna likevel har eit tilbod.
  • Månadsbetalinga skal reknast etter opphaldstid i vanleg skuleveke og skal ikkje overgå meir enn 6% av inntekta til familiar med barn som går i SFO.
  • For fullt skuleår (følgjer skulerute) skal det betalast for 10 månader (halv betaling i juni og august og inga betaling i juli). SFO er sommarstengt i veke 27, 28, 29 og 30.
  • Barn i 5.–7. klasse med særskilte behov har rett på gratis SFO dersom lege eller anna faginstans har gitt skriftleg tilråding om at barnet bør gå i SFO.
  • Fristen for oppseiing er oppseiingsmånaden + etterfølgjande månad.
  • Det vert gitt 30 % søskenmoderasjon i prisen for 2. barnet og 100 % søskenmoderasjon frå 3. barnet familien har i barnehagen eller SFO. Det yngste barnet betalar full sats.
  • Ved kjøp av ekstra dag så skal det betalast kr 170,- for skuledag (SFO før og etter skuledagen). Det er ikkje søskenmoderasjon på kjøp av ekstra dag.
  • Kommunedirektøren kan ved manglande betaling sei opp tildelt plass i SFO jfr vedtekter § 6
Kari Vaage Gjuvsland
E-post
Telefon 45 61 46 14
Mobil 45 61 46 14