SLT-koordinator

SLT logo.jpg - Klikk for stort bilete

Kva er dei største utfordringane for unge menneske i vår kommune?

Kven av dei er spesielt utsatt for å hamne i enda større vanskar?

Korleis kan desse få best mogleg hjelp til å meistre livet sitt og unngå rus og kriminalitet?

SLT-modellen er utvikla for å hjelpe norske kommunar til å bruke kreftene sine mest mulig effektivt i møte med desse utfordringane.

Gjennom å koordinera kunnskap, kompetanse og ressursar mellom politiet og kommunale einingar, næringsliv og frivillige organisasjonar skal SLT-arbeidet sikra at dei ressursane som allereie finst, blir meir samkjørt og målretta.

Når dei ulike sektorane utvekslar kunnskap, erfaringar, og samordnar tiltak og oppgåver, blir det enklare å drive målretta førebygging på ein meir effektiv måte. Når signaler blir fanga opp og spreidd raskare, kan tiltak setjas inn tidlegare og meir presist – mens faren for dobbeltarbeid reduseras.

SLT er i hovudsak retta mot barn og unge og deira foreldre og føresette.

Målet er at kommunens barn og unge skal ha gode oppvekstvilkår og få rett hjelp til rett tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper.

Eit effektivt førebyggingsarbeid er ei investering i sunnare, tryggare og meir levande lokalsamfunn.

 

Fann du det du leita etter?