Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling
Ordninga skal sikre at inga hushald skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Alle 2-, 3-, 4- og 5 åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid per veke i barnehagen (gratis kjernetid). Ved søsken i same barnehage vert det gitt søskenmoderasjon.
For familiar busett i andre kommunar, med barnehageplass i Suldal kommune, må desse ta kontakt med kommunen der dei er folkeregistrert.
Les om ordninga på kommunen si heimeside.
Les Vedtekter for barnehagane i Suldal kommune her.
Kva slags dokumentasjon må leverast med søknaden?
Utskrift av grunnlag for skatt skal leggjast ved søknaden som dokumentasjon. Denne vil normalt innehalde dei fleste skattepliktige kapital- og personinntekter. Dersom noko ikkje står registrert på denne av skattepliktig person- eller kapital- inntekt, har du plikt til å opplysa om det ved søknad.