Føresatte med låg inntekt
Dersom maksprisen er høgare enn 6% av husholdninga si samla inntekt, kan du søkje om redusert pris.
Familiar med bruttoinntekt under 3G (G = folketrygdens grunnbeløp) har rett på gratis barnehageplass (men må betale matpengar).
Gratis kjernetid
Alle 2, 3, 4, og 5-åringar, og born som har utsett skolestart, i familiar med samla brutto årsinntekt under kr 566 100,- kan søkje om 20 timar gratis barnehage per veke. Satsen er gjeldande for barnehageåret 2020/2021.
For barnehageåret 2020/2021 gjeld gratis kjernetid for born født i 2014, 2015, 2016 og 2017.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. august, for å få innvilga redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid frå 1. september.
Ved hovudopptak og nytt barnehageår er innleveringsfristen for dokumentasjon 15.august, gjeldande frå 1.september. For søknadar undervegs i barnehageåret er innleveringsfrist innan 15. for gjeldande fakturamånad. Ny betalingssats vil ikkje gi tilbakeverkande kraft. Dersom dokumentasjon ikkje leverast inn, vil opphaldsbetalinga setjast på høgaste sats. Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid vil bli gitt for inntil eit barnehageår om gongen.
Slik søkjer du
Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid må ein søkja om å få.
Søknadsskjema finn du her.
Hvis foreldra har delt omsorg skal inntekta i husstanden der bornet har folkeregistert adresse leggast til grunn.
Dokumentasjonskrav for barnehageår 2020/2021 er skattemelding frå 2019. Alle skattepliktige inntekter skal oppgis, dette gjeld også inntekter som ikkje er forhåndsfylt på skattemeldinga.
Om du ikkje har skattemelding må du legga ved annan form for dokumentasjon på inntekt. Dette kan for eksempel vera kopi av lønnslipp fra arbeidsgivar eller utbetalingar fra NAV.