Voldtektsmottak
Voldtektsmottaket er eit døgnope akuttilbod ved Helse Fonna sitt område. Voldtektsmottaket tilbyr undersøking inntil 1 veke etter at overgrepet er skjedd. Tilbodet er gratis.
Du kan ta kontakt via sentralbordet ved Haugesund sjukehus (tlf. 52 73 20 00), via politiet (tlf.02800) eller lokal legevakt (tlf.116 117). Det er ikkje eit krav at hendinga er meldt til politiet.
Kontaktinformasjon Voldtektsmottak
Krisesenter
Alle kommunar skal sørgje for eit krisesentertilbod som skal kunne nyttast av personar som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Suldal kommune er saman med 16 andre kommunar medeigar i Krisesenter Vest IKS som gir krisesentertilbod for innbyggjarane i eigarkommunane. Krisesentertilbodet har over 30 års erfaring med å ivareta personar som er utsett for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Krisesenteret veit at alle har individuelle behov i ein slik situasjon. Nokon har behov for ein trygg stad å bu, medan andre har behov for samtalar, rådgjeving og støtte. Krisesentertilbodet er like aktuelt uansett kva situasjon du er i.
Krisesentertilbodet kan mellom anna tilby: Støtte og praktisk hjelp, råd og rettleiing, hjelp til beabeiding, informasjon om rettigheter og moglegheiter, advokatbistand, formidle kontakt med offentleg instansar, mellombels butilbod i trygge omgjevnadar.
Du kan ta direkte kontakt med Krisesenteret. Du treng inga tilvising eller timeavtale. Krisesentertilbodet er gratis og tilgjengelig heile døgnet. Krisesenteret har ein avdeling i Haugesund (tlf. 52 72 98 84) og ein på Stord (tlf. 53 41 12 12).
Kontaktinformasjon til krisesenter
Krisesenteret har teieplikt. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale. Du kan vere anonym.
SMISO - Senter mot incest og seksuelle overgrep
Landsdekkande telefon for incest og seksuelt misbrukte: 800 57 000
Kontaktinformasjon SMISO
Din veg ut
Dinveiut.no er ein nasjonal vegvisar ved vald i nære relasjonar, valdtekt, og andre seksuelle overgrep. Her finn du fagstoff og informasjon om ulike hjelpetilbod.
Du finn og ei spørsmål og svar-teneste kor du kan stilla spørsmål anonymt. Nettsida si målgruppe er både dei som er utsett for vald, dei som utfører valden og pårørande.
Dinveiut.no