Aktivitetsven

Aktivitetsven

Med ein Aktivitetsven får personar med demens høve til å fortsetja sine vanlege aktiviteter. Fritidsaktiviteter og gode opplevingar har positiv effekt for personar med demenssjukdom. Sjølv for menneskjer der sjukdomen har kome så langt at opplevingar fort blir gløymde, visar det seg at dei gode følelsane og stemninga varar.

Kva er ein aktivitetsven?

Nasjonalforeninga for folkehelse har etablert eit tilbod, Aktivitetsven for personar med demens. Målet er at personar med demens skal få fleire aktivitetar og gode opplevingar i kvardagen.

Den frivillige Aktivitetsvenen og personen som har demens vil gjera aktiviteter i lag, som å gå tur, gå i teater eller på kino, spela spel, fiske, gjera hagearbeid, eller berre treffast for ein kopp kaffi og ein liten prat.

Vil du bli aktivitetsven?

Dersom du ønskjer å bli Aktivitetsven i Suldal kan du kontakta kommunalsjef Grethe Jæger Anglevik eller demenskontakt Nina Steine.

Aktivitetsven fins nå i alle fylker. Utviklinga skjer i samarbeid med våre lokallag, kommunar, frivillige organisasjonar og andre aktørar. Nasjonalforeninga for folkehelse etablerte Aktivitetsven med midlar frå TV-aksjonen 2013. For meir informasjon om Aktivitetsven, send ein e-post til aktivitetsvenn@nasjonalforeningen.no , eller kontakt nasjonalforeninga på telefon 23 12 00 00.

Du kan lesa meir om aktivitetsven på nettsida til Nasjonalforeningen for folkehelse ved å klikka på denne lenka.

Grethe Jæger Anglevik
Kommunalsjef helse
E-post
Telefon 97 97 16 00