Kreftkoordinator

Kreftkoordinator

Eit tilbod til deg som har fått ein kreftdiagnose og til dine pårørande. Kreftkoordinator møter deg om du har nyoppdaga kreft, eller om du har levd med sjukdommen i lengre tid.

Om kreftkoordinatortenesta i Suldal

Kreftkoordinator støttar helseavdelinga, sjukeheimen og heimetenesta i møte med pasientar og pårørande med særlege behov for lindrande omsorg, og skal være eit tryggande bindeledd. Koordinator vil også kunne sikre nødvendig kontakt med sjukehus og andre instansar (t.d. NAV, arbeidsgivarar, psykisk helse, diakon, prest og ”Frivillige hender”).

Kreftkoordinator er kreftsjukepleiar med vidareutdanning innan kreftbehandling og sjukepleie til kreftpasientar i alle faser av sjukdommen.

Me kan tilby

  • heimebesøk med samtale
  • oppfølging og støtte til kreftpasientar
  • råd til lindring av plagsame symptom
  • råd om kost og ernæring når matlysta minkar
  • å koordinera tenestetilbodet til kreftpasientar
  • å styrka kontakten mellom sjukehus og fastlegen
  • å bidra med hjelp til å skaffa nødvendig hjelpemiddel
  • støtte og hjelp til pårørande
  • støtte og hjelp til born når mor eller far har kreft
  • støtte og hjelp til familiar med kreftsjuke born

Kontakt oss

Ta gjerne kontakt sjølv, eller be legen din, sjukehuset eller andre formidla kontakt. 

Svanhild Skålheim
Kreftsjukepleiar (75%) og Barnekoordinator (25 %)
E-post
Telefon 40 41 89 54
Mobil 40 41 89 54

Opningstid

Mån-tor. kl. 08.00 -15.30

Stengt første måndag i månaden

Adresse

1.etg Sjukeheimen (til høgre før trappeoppgangen)

Eidsvegen 3

4230 Sand

Kart