Tilskotsmidlar til kulturminnevern

Tilskotsmidlar til kulturminnevern

No kan du søkja på tilskotsmidlar for kulturminnevern. Midlane blir utdelt etter retningsliner som er skissert i Kulturminneplan for Suldal kommune (PDF, 6 MB)

Slik søkjer du

Du kan senda ein søknad med informasjon

  • Skildring av tiltaket
  • Tidsrame
  • Budsjett

På e-post til postmottak@suldal.kommune.no. 

 

Søknadsfrist

01. mai 2024

Du kan blant anna søkje om tilskot for:

  • Tiltak i heilskaplege område kultur- og naturlandskap, t.d. Hamrabø-Litlehamar; Ulladalen
  • Tiltak langs Nasjonal turistveg Ryfylke
  • Tiltak der allmenta har tilgjenge
  • Tiltak som betrar allmentas tilgjenge, helst med universell utforming, t.d. vegar, stiar, bruer
  • Skjøtselstiltak som aukar verdien av t.d. kulturlandskap
  • Tiltak som bidrar til informasjon og betre kjennskap om kulturminne
  • Tiltak som er høgt prioriterte i SEFRAK og andre nasjonale lister/registreringar
  • Tiltak som held i hevd tradisjonsbåren kunnskap og arbeidsmåtar
  • Tiltak som supplerer eksisterande tema, tidsperiodar m.v.
  • Tiltak som bidrar til næringsutvikling/reiseliv
  • Tiltak som har verdi for undervisning
  • Tiltak som har verdi for biologisk mangfald
  • Tiltak som har varig effekt
  • Samarbeidstiltak
Turi Ottersland Tjøstheim
-
E-post
Telefon 98 68 31 04
Mobil 98 68 31 04