No kan du søkja om kommunal næringsstøtte for landbruket

No kan du søkja om kommunal næringsstøtte for landbruket

LMT-utvalet har vedteke nytt regelverk for kommunal næringsstøtte i landbruket. Me har auka budsjettpotten med 3 millionar årleg fram mot 2026 og lagt til fleire nye ordningar som du kan søkja på.

Frå båsfjos til lausdrift

For søknadar som gjeld investering i diftsbygning prioriterer me søknadar om nybygg/ombygging frå båsfjos til lausdrift for mjølkeproduksjon/ammeku. 
Du kan framleis også søkje om tilskot til nybygg/ombygging av driftsbygning for sau/geit.

 

Nye ordningar

Me har også lagt til nye ordningar, mellom anna: 

  • Kommunalt tilskot til skogplanting ( i tillegg til statleg tilskot)
  • Støtte til kjøp av privat mjølkekvote er auka frå kr. 2,- til kr. 5,-
  • Støtte til vatningsanlegg
  • Elektronisk gjerding og overvaking (GPS)
  • Fysisk inngjerding

Med fleire.

 

Ei ordning er tatt ut

Det er ikkje lengre mogleg å søkja om tilskot til beiterydding. Denne ordninga er tatt ut.

 

Du kan søkja på ordningane no

Du kan søkja på ordningane heile året. Regelverk for kommunal næringsstøtte for landbruket kan du finne på på denne sida. Her finn du også søknadsskjema. 
 

Elin Tjordal
E-post
Telefon 99 29 06 04
Mobil 99 29 06 04
Dagfinn Hatløy
Leder
E-post
Telefon 99 50 50 94
Mobil 99 50 50 94