Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø

Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. 
Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det på skulen, som er avgjerande. 

Skulen har ei aktivitetsplikt 

Alle som jobbar på skulen, skal følgje med på at elevane har det bra. Dersom ein vaksen på skulen veit om – eller trur – at ein elev blir mobba, plaga, eller på andre måtar ikkje har det bra, skal ho eller han:

  • gripa inn mot krenkingar om det er mogleg 
  • varsla rektor 
  • undersøkja det som har skjedd 

Rektor har ansvar for å laga ein aktivitetsplan og setja inn tiltak for at eleven igjen skal få det trygt og godt på skulen. Dette kallar ein for aktivitetsplikta til skulen.  

I aktivitetsplanen skal det minimum stå:

  • kva problem som skal løysast
  • kva tiltak skulen har planlagt
  • når tiltaka skal gjennomførast
  • kven som er ansvarleg for tiltaka
  • når tiltaka skal evaluerast

Kva om ein elev blir krenka av ein tilsett på skulen? 

Dersom ein elev opplever å bli mobba eller krenka av ein lærar eller andre som jobbar på skulen, har skulen eit ekstra ansvar for å følgje opp saka. Det er strengare krav til å varsla, undersøkja, og setta inn tiltak. Rektor må òg varsla skuleeigar (kommunen), som vil følgja opp saka vidare. 

Dersom det er ein i leiinga som står bak krenkingane, skal skuleeigaren varslast direkte.  

Melde saka til Statsforvaltaren

Dersom du eller barnet ditt meiner at skulen ikkje har gjort nok for at eleven skal ha eit trygt og godt skulemiljø, kan du melda saka til Statsforvaltaren. Før du melder saka til statsforvaltaren: 

  • må du ha tatt opp saka med rektor på skulen 
  • må det ha gått minst ei veke frå du tok opp saka med rektor 

Saka må i tillegg gjelde skulemiljøet på den skulen eleven går på no.  

Er det heilt spesielle tilfelle, kan du alltid ta kontakt med Statsforvaltaren. 

Dersom du treng meir informasjon om retten til eit trygt og godt skulemiljø kan følgja lenkene under.

Opplæringslova
Betre tverrfagleg innsats i Suldal

I Suldal kommune jobbar me med BTI (betre tverrfagleg innsats). 

Dersom du er uroa for om eit barn har det bra, kan du lesa meir om kva tenestene kan hjelpa til med og korleis å gå fram på denne sida: Suldal.betreinnsats.no

Helsesjukepleiar i skulen

Skulehelsetenesta tilbyr:

  • Helseundersøkingar
  • Vaksinar i barnevaksinasjonsprogrammet
  • Oppfølging og samtalar
  • Undervisning og rettleiing i grupper og klassar
  • Helsefremjande og førebyggande tiltak
  • Samarbeid med andre tenester

 

På denne sida kan du lesa meir om tilbodet.