Skulehelsetenesta

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Skulehelsetenesta

KORT FORTALT

Skulehelsetenesta tilbyr:

  • Helseundersøkingar
  • Vaksinar i barnevaksinasjonsprogrammet
  • Oppfølging og samtalar
  • Undervisning og rettleiing i grupper og klassar
  • Helsefremjande og førebyggande tiltak
  • Samarbeid med andre tenester
Når er me på den enkelte skule?

Me er på dei ulike skulane til faste tider. Skulane informerer elevane og heimane om kva dagar me kjem. 

Dersom du ønskjer å snakka med oss treng du ikkje å avtala tid på førehand. Du kan berre koma innom. 

 

 

Kva kan me hjelpa deg med?

Me gir råd og rettleiing til korleis barn og unge kan ta vare på eiga helse, og å klare dei utfordringane kvardagen og livet gir oss. Me vil bidra til at barn får hjelp når noko er vanskeleg, og ønskjer å vera ein støtte for barn og familiar i sårbare faser i livet. 

Me tilbyr helsesamtalar, råd og rettleiing. Til tidlegare me blir kjende med kva som er vanskeleg for barnet, jo lettare kan me hjelpa. 

Har me teieplikt?

Ja, me har teieplikt og gir ikkje opplysningar til skulen utan samtykke frå elev/foreldre/føresette. 

Dersom me får informasjon som kan vera til skade for barnet må me likevel bringa dette vidare. Dette blir for det meste gjort med barnet eller foreldra sitt samtykke. 

Kven samarbeider me med?

Me kan samarbeida med andre tenester om det er ønskjeleg: 

  • Skulen
  • Lege
  • PPT
  • Barne- og familieteam

Me deler likevel ingen informasjon før foreldra har gitt samtykke til det.

Program for skulehelsetenesta
Program for skulehelsetenesta
Når Innhald
Skulestart Helsekontroll av førskuleeleven v/ helsesjukepleiar og lege. Syn/ hørsel/ høgde/ vekt
1. klasse Samtale med kontaktlærar, evt. oppfølging av enkelte elevar. Ev.t delta i Zippys venner, etter avtale med kontaktlærar. Delta på foreldremøte.
2. klasse Vaksine mot polio, difteri, kikhoste og stivkrampe. Eleven vert innkalla saman med foreldre/føresette. Samtale om helse, trivsel eller anna føresette/eleven vil ta opp.
3. klasse Høgde/ vekt
4. klasse Gruppesamtale m/elevane. Tema: kosthald, fysisk aktivitet. Delta på klasseforeldremøte.
5. klasse Undervisning om psykisk helse, psykologisk førstehjelp.
6. klasse Undervisning/ samtale jente- og guttegrupper. Pubertetsutvikling. Vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar
7. klasse Undervisning/samtale om rus/tobakk med politi + SLT. Vaksine mot HPV.
8. klasse Samtale med kvar elev v/ helsesjukepleiar
9. klasse Klasseundervisning: seksualitet, samliv, prevensjon, kjønnssjukdomar
10. klasse Samtale med kvar elev v/helsesøster. Vaksine difteri, stivkrampe, kikhoste og polio. Utdeling av vaksinasjonskort.

 

Helsestasjonen
Jordmor, Helsesjukepleiar
Telefon 52 79 23 10

Adresse

På kvar skule