Samfunnsdel

Samfunnsdel

Korleis vil me ha det i Suldal i framtida? Val og avgjersler me tek i dag vil påverka korleis det er å leva og bu i Suldal i åra som kjem.


Kommuneplanen er det øvste styringsdokumentet i kommunen vår. Det viktigaste er at han er styringsverktøyet for alle politikarane i Suldal, uavhengig av ideologi og politisk partitilknyting.


Suldal har ein mangfaldig og rik kulturhistorie som går langt tilbake i tid. Ein del av kulturhistoria er krafthistoria vår. Utviklinga frå lyset i den første lyspæra i 1916 og fram til i dag, plasserer Suldal på kartet som Noregs største kraftkommune. Samtidig er det akkurat kraft me ønskjer å kunne nytta meir av lokalt for å sikra verdiskapinga i Suldals-samfunnet vårt i framtida.


Kommuneplanen i Suldal har blitt til gjennom eit stort medverknadsarbeid der innbyggarar, næringsliv, politikarar og tilsette har gitt innspel på kva som bør vera viktige satsingsområde i framtida. 

I åra som kjem skal me sikra vidare medverknad for å utvikla kommunen vår til ein god stad å bu, besøka og driva næring.


Saman skal me syta for at Suldal er eit skattkammer. 

 

Her kan du lesa samfunnsdelen av kommuneplanen (PDF, 11 MB)

Torill Telstad
Rådgiver
E-post
Telefon 99 40 34 39
Mobil 99 40 34 39