Skjenkeløyve

Skjenkeløyve

Personar eller verksemder som ønskjer å drive serveringsstad som skjenker alkoholhaldig drikk må søkje om skjenkeløyve.

Løyvet vert gitt for inntil fire år om gongen.

Du kan søkje om løyvet for

  • alkoholhaldig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent
  • all alkoholhaldig drikk

Kriterium for løyvet

  • Løyvesøkjar og personar med vesentleg innverknad på verksemda på ha ulasteleg vandel
  • Ha ein styrar og ein stadfortredar
  • Styrar og stadfortredar må ha kunnskapsprøva i alkohollova, vere over 20 år og arbeide i verksemda.

Endring i eksisterande løyve

Viss det er endringar på løyvet i perioden må du melde frå til løyvemynde. Ei endringa kan vere skiftar av styrar, driftskonsept eller eigarforhold, og større endringar kan føre til at du må søkje om nytt løyvet. Kontakt Organisasjon- og innbyggarkontakt dersom du treng rettleiing. 

Løyvet fell vekk ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på tidlegare løyve i inntil tre månadar viss løyvemyndigheita er informert og det vert søkt om nytt løyve innan 30 dagar etter overdraginga.

Søknad

Her finn du søknaden.

Når me har motteke søknaden vert det henta inn uttale frå politi, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndighetene. Løyvet vert gjeve etter skjønn. Handsamingstida i kommunen er om lag tre månadar og søknaden skal handsamast politisk. 

Du har høve til å klage på vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Du kan få rettleiing ved Servicetorget eller av sakshandsamar. Viss kommunen lar vedtaket stå vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren.

Kva kostar det?

Oversikt over gebyr for sal, skjenkeløyver og tobakk

Lovar, reglar og anna nyttig

Alkohollova

Alkoholforskrifta

Serveringslova

Handbok i alkohollova (Helsedirektoratet)

Kunnskapsprøva - informasjon frå Helsedirektoratet

Martine Førre
E-post
Telefon 46 88 17 67
Mobil 46 88 17 67

Adresse

Eidsvegen 7

4230 Sand