Når må du søkja skjenkeløyve?
- Du må søkja skjenkeløyve når du leiger eit lokale, tek betalt for alkohol eller viss lokalet berre har serveringsløyve.
- Du må søkja skjenkeløyve viss du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i eit lokale utan eksisterande skjenkeløyve, eller ute på eit avgrensa område.
Løyve ved einskild høve
Viss du skal ha eit ope arrangement må du søkje om løyve ved einskild høve for eksempel ein festival eller ein pubkveld. Viss arrangør tek betaling for alkohol eller utleigar står for meir enn utleige av lokale må du søkje om løyve. Du må søkje i god tid, seinast tre veker før arrangementet.
Ambulerande skjenkeløyve
Viss du skal arrangera eit lukka arrangement kan du søkja om eit ambulerande skjenkeløyve. Deltakarane i selskapet må ha ei tilknyting til den som inviterer til selskapet, og det er ikkje tilstrekkelig at ein skriv seg opp på ei liste eller kjøper bilettar til arrangementet. Du må søkje minst tre veker før arrangementet. Ein krev normalt sett ikkje løyve ved reint private arrangement som bryllaup eller liknande, så sant det ikkje vert teke betaling for drikke og utleigar berre leiger ut lokala til arrangementet.
Søknad
Du kan søkje om ambulerande løyve eller løyve ved einskild høve her
Kva kostar det?
Oversikt over gebyr for sal, skjenkeløyver og tobakk
Lovar og reglar
Alkohollova
Alkoholforskrifta
Publisert av Elise Nedrejord
Publisert 20.04.2018 14.30