Kulturmidlar

Kulturmidlar

Tilskotsordningar for kultur-, idrett- og nærmiljøtiltak i Suldal kommune. 

Kven kan få tilskot?

Foreiningar, lag og klubbar som driv med byggjande og aktiviserande kulturarbeid i Suldal kommune i tråd med den føremålsparagraf som er fastsett, kan få tilskot.

Tilskota har som mål å stimulere aktiviteten innan foreiningslivet. Det er eit særleg mål at alle grupper av befolkninga får eit reelt tilbod om aktivisering i si fritid og ein vil difor ta særskilt omsyn til aktiviseringstiltak når tilskot skal fordelast.

Det vert stilt følgjande krav for at ein organisasjon skal få tilskot:

  • Organisasjonen skal yte ein eigeninnsats på minimum kr 100,- pr. medlem/deltakar pr. år. For vaksne over 25 år er eigeninnsatsen kr. 200,-.  Det kan gjerast unntak i spesielle tilfelle.

 

Kven kan ikkje få tilskot?

Unntatt ovannemnde reglar er:

a) Foreiningar som vert drivne på forretningsmessig basis

b) Organisasjonar som har til oppgåve å ivareta medlemene sine yrkesmessige interesser, av dette aktivitetar knyta til bedrifter.

c) Organisasjonar og institusjonar som primært tar hand om medlemene sine politiske, ideologiske eller religiøse eigeninteresser.

d) Paraplyorganisasjonar med medlemslag frå fleire kommunar.

e) Organisasjonar som arbeider aksjonsprega, eller der organisasjonen kan forventast å ha relativt kort levetid.

Organisasjonane under pkt. b og c kan søkje om tilskot til barne- og ungdomsarbeid (ikkje konfirmasjonsundervisning), varige tiltak eller enkelttiltak for alle under 19 år.

 

Søknadsskjema

Du finn søknadsskjema her.

 

Søknadsfrist

Ordinære driftsmidlar: 1. mars, eller er det råd å søkja på andre tiltak ut over året. Sjå retningslinjer for meir spesifikk informasjon

Søknadene om driftsmidlar blir handsama om våren med utbetaling i juni. Andre tilskotsordningar blir handsama fortløpande.

 

Framdriftsplan

  • 1. februar - Kulturmidlane vert annonsert i ulike kanalar
  • 1. mars - Søknadsfrist hovudfordelinga
  • 15. mars - Tilbakemelding ved eventuelle merknadar til søknaden
  • Innan 25 juni - Utbetaling
  • 01. august- Frist for innmelding av nye spelemiddelsøknader 

Opplysningar om andre kommunale tilskot

Det skal opplysast i søknaden om;

  • alle kommunale tilskot siste år, type og storleik
  • om det vert søkt om andre tilskot dette året, og frå kven 

 

Organisasjonar med underavdelingar

Søknadar frå underavdelingar/avdelingar/grupper, skal fremjast gjennom hovudstyret i prioritert rekkefølgje, prioriteringa skal underteiknast av leiar.

 

Fleire søknadar frå same post

Organisasjonar med fleire søknadar frå same avsendar skal fremje søknadane frå hovudstyret i prioritert rekkefølgje, prioriteringa skal underteiknast leiar/formann.

 

Aktivitetsplan

Lag og organisasjonar og forsamlingshus skal saman med søknaden om kulturmidlar levere inn ein aktivitetsplan slik at ein veit kva aktivitetar som er planlagde i løpet av året. Dette vil danne noko av grunnlaget for tildeling av kulturmidlar, samt at grendautvala utifrå den kan fordele midlar til arrangement gjennom eit heilt år.

 

Inndraging av tilskot

Tildelt tilskot vert inndrege om det ikkje er nytta innan to år etter tildelingsdato

 

Klage på vedtak

Ved klage på enkeltvedtak gjort av hovudutval, einingsleiar eller hans underordna etter delegasjon, skal klagen setjast fram for vedkomande hovudutval som saksområdet høyrer inn under.

Klagen skal sendast rådmannen ved kultursjefen som utan ugrunna opphald førebur og fremjar klagen for vedkommande hovudutval som kan gjere om eller endre vedtaket.

 

Retningsliner

Her finn du retningsliner for tilskotsordningar for kultur-, idrett og nærmiljøtiltak i Suldal kommune (PDF, 2 MB)

 

Starttilskot

Føremål

Ved etablering av lag og organisasjonar kan ein få eit tilskot på inntil kr 5000,-.

Føresetnadar for tilskot

Sjå dei generelle reglane.

Søknaden

  • Søknaden skal skrivast på eige skjema og skal ha vedlagt:
  • Medlemsliste/deltakarliste

Referat frå stiftingsmøte som syner føremål, aktivitetar, program og arbeidsform Denne tilskotsordninga kan søkjast heile året. 

Driftstilskot

Føremål

Dette tilskotet skal gi midlar til lag og organisasjonar si ordinære drift. Som utgifter til ordinær drift meiner ein mellom anna utgifter til lokale, administrasjonsutgifter, reiseutgifter og diverse materiell. Til grunn for vurderinga legg ein organisasjonen sin storleik og art, aktivitetsnivå, tal på betalande medlemmer eller laget sin eigeninnsats og laget sitt kapitalbehov. Vidare vurderer ein dei eventuelle andre ytingane laget får frå Suldal kommune. Lag og organisasjonar som engasjerar born og unge, skal prioriterast.

Føresetnadar for tilskot:

Sjå dei generelle reglane

Søknaden

Søknaden skal skrivast på eige skjema, og følgjande skal leggast ved:

  • Årsrapport frå føregåande år
  • Rekneskapsutdrag frå føregåande år (revidert)
  • Budsjett for inneverande år
  • Aktivitetsplan

Organisasjonar som mottek driftstilskot frå andre offentlege etatar; stat, fylkeskommune, andre kommunale postar, kan få redusert tilskot frå denne tilskotsordninga. Unntatt er ulike tilskot som ikkje gjeld den ordinære drifta av laget, til dømes Frifond og andre ordningar som er meir prosjektbaserte tilskot.

Det kan gjerast unntak for flyktning- og innvandrarorganisasjonar.

Lag og organisasjonar som er oppretta regionalt kan få kommunalt tilskot etter antal medlemmer som er heimehøyrande i Suldal.

Kurstilskot leiar-, trenar- eller instruktøropplæring. Deltakartilskot NM

Føremål

Det kan gjevast tilskot til kurs og konferansar som gjeld leiar-/ instruktøropplæring.

Det vert berre gitt tilskot til deltakarar frå lag som er registrerte i Suldal kommune. Søknad skal fremjast av laget si lokalavdeling i kommunen. Søknaden skal underteiknast av leiaren i laget.

Det blir ikkje gitt tilskot til årsmøte, landsmøte, leirverksemd, treningsleirar, øvingsweekendar og liknande. Kurs som vil kunne gi deltakarane auka yrkesmessig kompetanse på grunnlag av kurset, gis ikkje tilskot.

Det kan gjevast tilskot til deltaking på Noregsmeisterskap eller konkurransar tilsvarande dette. Tilskotet går til utøvaren, og vert innvilga med inntil 50 % dekking av reise og overnattingsutgifter og deltakaravgift etter billegaste måte

Føresetnad for tilskot

Det vert sett føresetnad om at organisasjonane søkjer etter tilskot etter lov om vaksenopplæring så langt dette er mogleg. For kurs på lokalplan der det vert ytt statstilskot etter vaksenopplæringslova § 19.1, blir det ikkje gitt kommunalt tilskot. Maksimalsatsane for kurstilskot blir justert automatisk kvart 3 år i høve prisindeksen. Utrekning av undervisningstimar følgjer denne Vaksenopplæringa sine reglar.

Retningslinjer for ulike kurstilskot:

  • Korttids/Helgekurs Til lokale kurs kan lag og organisasjonar gjevast eit tilskot på inntil kr 150,- pr. deltakar, avgrensa oppad til kr 3.000,-. Tilskotet kan ikkje vera høgare enn 50 % av nettoutgiftene (underskot) ved kurset. Kurset skal ha minst 10 timars lengd og minst 12 deltakarar. Det er berre arrangerande lag som kan søkje om tilskot til kurset.
  • Kurs på fylkes-/distrikts-/kretsplan Det kan gjevast inntil 50 % dekning av reiseutgifter (etter billegaste reisemåte) og kursavgift for inntil 2 deltakarar frå same lag. Kurset skal ha ei lengd på minst 2 dagar og minimum 10 timar undervisning. Tilskotssum er avgrensa oppad til kr 800,- pr. deltakar.
  • Kurs og konferansar på landsplan Det kan gjevast inntil 50 % dekning av reiseutgifter (etter billegaste reisemåte) og kursavgift for inntil 2 deltakarar frå same lag. Kurset skal ha ei lengd på minimum 2 dagar og minst 12 timar undervisning. Tilskotet er avgrensa oppad til kr 1700,- pr. deltakar.
  • Andre typar kurs/konferansar Det kan også søkjast om tilskot til andre typar kurs og konferansar som kurs i utlandet, samt dyrare kurs på lokal og landsplan. Det må søkjast på førehand.

Søknaden

Søknaden skal skrivast på eige skjema, og følgjande må vedleggjast søknaden:

  • program
  • deltakarliste
  • rekneskap for kurset (billag kan krevjast)

Søknadsfrist er seinast 2 månadar etter avslutta kurs. Unntak er siste punktet ovanfor, Andre typar kurs/konferansar.

Tilskot til nærmiljøtiltak

Føremål

Det kan søkjast om tilskot til nærmiljøtiltak. Med nærmiljøtiltak meiner ein mellom anna leikeplassar, løkker, akebakkar, friluftsanlegg, små BMX-banar, skateboardbanar/-rampar, minigolfanlegg mm. Tilskotet kan også gå til planting av buskar og tre, turstiar, rydding av kratt mm. Også naudsynt utstyr og materiell som krev tyngre investeringar og som kan bidra til å gjera nærmiljøtiltaka, og dermed også lokalsamfunna meir attraktive, kan søkjast av desse midlane

Føresetnad for tilskot

For å få tilskot krev ein følgjande:

  • anlegget skal vera tilgjengeleg for alle
  • utbyggar/søkjar går inn med ein eigenandel på minst 50 % av totale kostnadar
  • utbyggar/søkjar må eige arealet eller ha disposisjonsrett i samsvar med retningslinjene for spelemiddelordninga; i utgangspunktet i 40 år.
  • leikeplassutstyr må vera godkjent
  • utbyggar/søkjar er ansvarleg for tryggleiken i nærmiljøanlegga

Det blir ikkje gitt tilskot av denne posten til:

  • kjøp av areal
  • fartsdumpar/trafikkbom og liknande
  • opparbeiding av trafikkareal (parkeringsområde, gangsti osv)
  • leikeplassar på skular og i barnehagar
  • idrettsanlegg (som definert av departementet si Ungdoms- og Idrettsavdeling)

Søknaden

Søknaden skal innehalde opplysningar om følgjande:

  • eigedomstilhøve for arealet
  • kart som viser kor anlegget ligg
  • teikning/skisse
  • kostnadsoverslag
  • finansieringsplan

Søknad om nærmiljømidlar har søknadsfrist 1. mars og 1. september.

Tilskot til idrettsanlegg

Føremål

Det kan gjevast tilskot til nye idrettsanlegg. Tilskotet gjeld både nybygg, ombygging og rehabilitering. Det blir ikkje gitt ikkje tilskot til ordinært vedlikehald, eller skadar som skyldast manglande vedlikehald frå denne posten. Idrettsanlegg som vert spesielt utforma for sambruk skal prioriterast.

Føresetnad for tilskot

Det er ein føresetnad at anlegg som skal ha tilskot frå denne posten, står på det prioriterte handlingsprogrammet for idrettsanlegg i kommunedelplan. Handlingsprogrammet vert rullert kvar haust og vedtast av kommunestyret. Krava til dokumentasjon er som dei departementet set i samband med søknad om spelemidlar.

Søknaden

Vedlagt søknaden skal følgja:

  • Kostnadsoverslag
  • Finansieringsplan
  • Teikningar og beskrivingar
  • Bruksplan
  • Reglar for utleige
  • Kopi av tinglyst skøyte eller leigekontrakt (minimum 40 år).

Søknaden skal sendast via idrettsanlegg.no innan 15. september for vidare prioritering i idrettsrådet. Vedtaket frå rådet går vidare inn i budsjettarbeidet i kommunen.

Tilskot til forsamlingshus, nybygg, ombyggings- og tilbyggingsprosjekt, og kjøp/ombygging av andre lokale til forsamlingshus.

Det blir ikkje lengre gitt tilskot til grende- og forsamlingshus gjennom spelemidlane.

Tilskot til nybygg og større ombyggingar og rehabiliteringar av forsamlingshus, blir handsama særskilt i samband med årsbudsjetta til kommunen. Lokal plan for forsamlingshus vil liggja til grunn for kva forsamlingshus som kan bli prioriterte.

Tilskot til vedlikehald av forsamlingshus, idrettsanlegg og nærmiljøanlegg

Tilskotsordninga gjeld reparasjon og vedlikehald av forsamlingshus, idrettsanlegg og nærmiljøanlegg. Tilskotet skal kunne bidra til vedlikehald og fornying av husa/anlegga, og skal kunne brukast til bygningsmessig vedlikehald, tilbygg/ombygging eller til kjøp av inventar/utstyr.

Primært bli dette tilskotet gitt til tiltak grunna nye og endra behov med omsyn til aktivitet og romstorleik, eller behov for standardheving av lokala. Det blir ikkje gitt tilskot til vanlig vedlikehald eller til skader som skyldast feil ved planlegging, utføring eller manglande vedlikehald. Eksempel på standardheving er ombygging av omsyn til funksjonshemma brukarar. Ulike ENØK-tiltak blir rekna som standardheving og kan få tilskot.

Anlegga skal vera slik tilrettelagde at dei i størst mogleg grad kjem heile lokalsamfunna til gode. Før søknad om tilskot kan sendast, er det naudsynt at planar og teikningar har fått dei offentlege godkjenningar. Lokal plan for forsamlingshus ligg til grunn for prioriteringane.

Søknadar om tilskot til dette føremål må ha som vedlegg:

  • Kostnadsoverslag
  • Arbeidsplan og beskriving med teikningar og kart
  • Finansieringsplan
  • Kopi av tinglyst skøyte eller leigekontrakt (minimum 40 år)
Tilskot til husleige

Føremål

Lag som ikkje får leige kommunale lokale, eller ikkje kan nytte desse til si verksemd, kan søkje om stønad til husleige.

Føresetnad for tilskot

  • Lokala skal kun nyttast til kulturarbeid. Det blir ikkje gitt stønad til leige av lokale til inntektsgivande aktivitetar  Til bruk av eige hus, eller hus som er eigd av høgare ledd i eigen organisasjon, som får kommunalt tilskot til drifta, får ikkje tilskot til husleige
  • Det blir ikkje gitt tilskot til leige av lokale i private heimar

Ev. tilskot vert gitt etterskotsvis på grunnlag av søknad om dekning av leigeutgifter for føregåande år. Barne- og ungdomsorganisasjonar kan få inntil 75 % av betalt husleige dekka, mens andre kan få inntil 25 % dekka. Kun legitimerte utgifter godtast som grunnlag for stønad.

Tilskot til funksjonshemma

Det kan gjevast tilskot til kulturtiltak for funksjonshemma. I første rekke tiltak som medfører meirutgift på grunn av spesiell tilrettelegging, men også tiltak som har stor verdi for gruppa kan få tilskot.

Tiltaka kan vere eigne tiltak, inkluderande tiltak, integrerande tiltak, større kortare arrangement, forsøks- og utviklingsprosjekt, utgifter/honorar til leiarar, tiltak ovanfor ressurskrevjande brukarar, utstyr osv.

Søknad skal sendast kulturkontoret, og kan søkjast gjennom heile året.

Tilskot til dekking av underskot ved kulturarrangement

Føremål

Det kan gjevast tilskot til dekking av underskot ved kulturarrangement i Suldal kommune. Arrangementa skal vera opne for alle, ha eit kulturelt innhald og haldast innanfor Suldal kommune. Føremålet er å stimulere til produksjon av eit breitt spekter av arrangement i heile Suldal utan å måtte ta for stor økonomisk risiko.

Søknaden

Søknaden skal innehalde følgjande:

  • Arrangør med namn på ansvarleg person
  • Type arrangement
  • Kor arrangementet skal avhaldast
  • Budsjett (kostnadsoverslag og finansiering)
  • Opplysningar om andre instansar det er søkt om midlar frå

Det kan søkjast heile året.

Seinast to månader etter at arrangementet er avhalde, skal rekneskapsutdrag med krav om utbetaling av garantibeløp sendast Kulturkontoret for å få ut tilskotet.

Tilskot til spesielle tiltak

Føremål

Dette tilskotet kan gis til:

  • Lag og organisasjonar som ønskjer å sette i gong spesielle tiltak for born og unge utover laget sine tradisjonelle medlemsaktivitetar
  • Grupper oppretta utanfor det tradisjonelle organisasjonslivet som organiserer tiltak for born og unge
  • Tiltak som er "generasjonsoverbyggande"

Føresetnad

Det er ein føresetnad for å få tilskot at tiltaka er opne for alle.

Søknaden

Søknaden om tilskot må innehalda:

  • Plan for arbeidet
  • Oversikt over innhald i arrangementa
  • Oversikt over kor stor geografisk området tiltaket er meint å dekka
  • Budsjett og rekneskap for tiltaket
  • Omtale av korleis deltakarane sjølve er med å forme det miljø ein ønskjer å skape

Det er utarbeidd eige digitalt søknadsskjema.

Tilskotsordningar gjennom grendeutvala

Grendeutvala har ansvar for tildeling av tilskot til kulturtiltak som har ein aktiviserande funksjon og som styrker det sosiale fellesskap i lokalmiljøet.

Lokalt arrangementstilskot og tilskot til rusfrie arrangement for barn og unge

Føremål

Grendeutvala si rolle i tildelinga av kommunale kulturmidlar skal vera å stimulere lag og organisasjonar til å arrangera opne enkeltarrangement som styrker det sosiale fellesskapet i nærmiljøet, eller til rusfrie tiltak for ungdom, først og fremst i helgane.

Retningslinjer

Alle frivillige lag og organisasjonar, idrettslag, musikkorps, velforeiningar, ungdomsgrupper og liknande kan søke. Tilskot til opne arrangement skal søkjast grendautvalet i den grenda arrangementet skal vera.

Søknad om tilskot skal sendast grendautvalet i den aktuelle grenda fortløpande.

Større arrangement som vedkjem fleire grender eller heile kommunen. 

Søknadar om tilskot til større arrangement som vedkjem fleire grender eller heile kommunen skal sendast kulturkontoret.

Aud Marit Hauge
Administrativ leiar
E-post
Telefon 99 29 39 14
Mobil 99 29 39 14