FølgjekortLytt til tekstenStopp avspillingHar du behov for følgje eller assistanse for å gå på kultur- og fritidsarrangement, kan du søkje om følgjekort. Kortet gir gratis tilgong for ein følgjeperson på offentleg transport og arrangement i kommunen. Kven kan søkja? Tilbodet kan vere aktuelt viss du har: Synshemming Røyrslehemming Høyrselshemming Utviklingshemming Tale- og kommunikasjonsvanskar Skjult funksjonshemming(t.d. alvorleg psykis lidingar, hjarte- og lungesjukdommar, allergiar o.l.) Slik søkjer du Du finn søknadsskjema her, eller du kan venda deg til Servicetorget. For å handsama søknaden din treng me legeattest og passfoto. Når søknaden er innvilga vert beviset sendt per post eller utlevert ved Servicetorget. Søknadsfrist Det er ingen søknadsfrist og Servicetorget handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Kva kostar det? Du kjøper billett til ordinær pris, men får ta med deg ein følgjeperson gratis på stadene som aksepterer følgjekort. Klage Eit eventuelt avslag på søknaden vert gitt skriftleg og med grunngjeving for avslaget. Kommunen kan gje rettleiing ved ei klage. Du sender klagen til kommunen som vil vurdere saka på nytt. Lover og reglar Pasient- og brukerrettighetslova Publisert20.04.2018 09.47