Slik søkjer du
For å inngå ekteskap i Norge, må Staten først gjennomføre ei prøving av ekteskapsvilkåra. Dette blir utført av folkeregisteret ved det regionale skattekontoret. Når det er gjort får du ein prøvingsattest som er gyldig i fire månader, og må vera gyldig på vigselstidspunktet.
Sjå Vegen til ekteskapet - steg for steg.
Bestill prøvingsattest hjå skatteetaten.no
Når du mottek prøvingsattesten skal originalen sendast til kommunen. Vær merksam på at prøvingsattesten er gyldig i fire månader og må vera gyldig på datoen for vigsel.
Bestille dato for vigsla
De kan reservera dato for vigsel før prøvingsattesten er motteken.
Dette skal du gjera elektronisk via dette skjemaet. Husk at de må gjerast i god tid, og seinast tre veker før bryllaupsdato.
- vigsler blir gjennomført fredagar mellom kl 13.00 og 15.00.
- ein datofesta laurdag i kvar månad i mai, juni, juli og august
- når elektronisk bestilling er motteke sender kommunen eit stadfestingsbrev på dato og tidspunkt
Prøvingsattesten må sendast kommunen seinast 3 veker før vigselen.
Stad og seremoni
Vigsla skal først og fremst føregå i kommunestyresalen på kommunehuset, men andre stader kan og avtalast. Kommunehuset er universelt tilrettelagt. Det er mogleg å sjå salen før vigselen ved å avtala tid for det på servicetorget på kommunehuset.
Kommunen sørgjer for det praktiske med oppsett av blomar og lys.
Vigslarar
Tittel |
Namn |
Ordførar |
Gerd Helen Bø |
Varaordførar |
Øyvind Lovra Tveitane |
Stedfortredar for kommunedirektør |
Torbjørn Guggedal |
Pris
Tilbodet er gratis for innbyggjarane i Suldal kommune så lenge du vil gifte deg i lokalet kommune tilbyr, kommunestyresalen.
Er det ønskje om vigsel andre stader og til andre tider enn det som er fastsett må brudefolka dekka kommunen sine faktiske utgifter.
Kjønnsnøytral ekteskapslov
1 januar 2009 fekk Noreg kjønnsnøytral ekteskapslov og personar av same kjønn kan inngå ekteskap. Tidlegare inngådde partnarskap kan omgjerast til ekteskap ved søknad til folkeregisteret.
Etter vigsla
Brudeparet vil få tilsendt midlertideg vigselsattest (kopi av underskreve prøvingsattest). Kommunen sender den underskrivne prøvingsattesten til folkeregisteret som utsteder endeleg vigselsattest.
Dette fagområdet er nytt hjå oss og me ber om forståing for at rutinar og anna rundt dette kan blir endra undervegs.