BibliotekLytt til tekstenStopp avspillingHovudbiblioteket i Suldal ligg i Kulturhuset. I tillegg er det fem bibliotekfilialar. I biblioteket kan du låna lesestoff og filmar. Bibliotekarane våre kan hjelpa deg med å finna det du treng, anten det er den finaste barneboka, det nyaste magasinet eller bøker av lokale forfattarar. Me har også datamaskiner som du kan bruka, og eit stillerom for deg som treng litt ekstra ro i lesinga. Du kan levera bøker du har lånt i postkassen utanfor huset og bokkassen i foajeen. Biblioteket er ope for alle, og har eit tilbod til alle. Har me ikkje det du ser etter, kan me som regel skaffa det frå andre bibliotek. Du kan låna det meste du kan finna innanfor biblioteket sine veggar. For å låna, må du ha lånekort. Det får du i biblioteket. Biblioteka i Suldal er med i Ryfylkebiblioteket. Meir informasjon om bibliotek og tilboda finn du nettsida til Ryfylkebiblioteket. Biblioteka i kommunen Stad Opningstid Kontaktperson Telefonnummer Erfjord bibliotekfilial Tysdag 15.00 - 18.00 Linn Frafjord Jelsa 52 79 54 16 Jelsa bibliotekfilial Måndag 15.30 - 18.00 Linn Frafjord Jelsa 52 79 03 59 Nesflaten bibliotekfilial Tysdag 16.00 - 18.00 Valborg Sandal 52 79 09 85 Suldalsosen bibliotekfilial Måndag 14.00 - 18.00 Valborg Sandal 52 79 09 20 Ropeidhalvøya bibliotekfilial Torsdag 15.00 - 17.30 Linn Frafjord Jelsa 52 79 08 46 Sand hovudbibliotek Sjå opningstider til høgre Anne Mo 52 79 22 83 Publisert18.04.2018 14.52