Aktiv kommune

Me vil synleggjer moglegheitene lag og organisasjonar har til å benytta kommunale anlegg og har tatt i bruk bookingssystemet Aktiv kommune. I dette systemet kan private, lag eller organisasjonar i Suldal bestilla og leiga kommunens frilufts- og idrettsanlegg.

På grunn av covid-19 har me valt å leggja nokre få anlegg og utstyr klart til leige. Det kjem fleire etterkvart. Det er viktig at leigetakar følg gjeldande nasjonale retningslinjer for smitteverntiltak.

Klikk her for å komma til Aktiv kommune

I Aktiv kommune kan du:

  • Finna informasjon om utvalte bygg, anlegg og ressurser som er til utlån i kommunen

Etterkvart kan du:

  • Leige idrettshallar, møterom og uteanlegg av Suldal kommune
  • Leiga private forsamlinghus
  • Finna treningstider og arrangement
  • Finne oversikt over andre lag og foreningar
  • Finne oversikt over kven som er kontaktpersonar i lag og foreningar

Fordelar med Aktiv kommune:

  • Enkel å bruka
  • Gir god oversikt over tilgjengelige ressursar
  • Tilgjengeleg 24/7

Kva skal registrerast i Aktiv kommune?

Etter kvart skal alle søknadar om leige av bygg, anlegg og ressursar knytt til idrett og friluft kunne bestilling i Aktiv kommune. Foreløpig har me lagt klart Gullinghuset, boblefotball, målboge, kommunestyresalen og formannskapssalen (på kommunehuset). Det kjem fleire bygg, anlegg og ressursar etterkvart.

Inger Camilla Løvholen
kultur- og fritidskonsulent
E-post
Telefon 52 79 22 92

Opningstid

Månd.-fre.: 08.00 - 15.30

Adresse

Eidsvegen 7

4230 Sand