Bassengtrening med fysioterapeut

Bassengtrening med fysioterapeut

Kven er tilbodet for? 

Dette er et tiltak for deg som treng trening etter skade eller grunna langvarige plager. Me gir tilbod til både barn og vaksne. 

Du trener i gruppe med fleire

Me har bassenggrupper for born og vaksne. Kvar bassenggruppe får tilbod om 8 gonger bassengtimar. Etter 8 gonger blir gruppene skifta ut, og gruppa du deltar i tar pause i 8 veker.

Du som får plass midt i eit forløp, følger framleis gruppa di med hensyn til antal gonger og pausar. Målet vårt er at kvar gruppe skal få to rundar med bassengtrening kvart år (totalt 16 gonger i løpet av eit kalenderår). Treninga er til musikk. Bassengtreninga følgjer skuleruta til skulane i Suldal kommune og er stengt i feriar og heilagdagar. 

 

Alternativt tilbod medan du har pause frå bassengtreninga - Mensendiecktrening

Som eit alternativt tilbod til deg som har pause frå bassengtreninga, har me eit parallelt gruppetilbod på land: Mensendiecktrening i gymsalen på Rygjatun. Trening utan utstyr med kroppsvekt. Alle øvingane kan tilpassast kvar enkelt, uansett funksjonsnivå. Ønskjer du å delta på denne treninga kan du ta kontakt med fysioterapeut Tone Vold Solheim på 52 79 23 34 / 48 99 70 96.  

 

Søk om bassengtrening

For å kunne delta må du først senda inn eit digitalt søknadsskjema om bassengtrening. Dersom du av ulike orsaker ikkje kan senda inn digitalt søknadsskjema kan du fylla ut eit skjema for hand. For å levere inn skjema i papirform kan du komma ned til fysioterapiavdelinga på Helsetunet, der søknadsskjemaet er opphengt i venteområdet. Du fyller ut papirskjema og legg det i postkassa.   

Når me har motteke søknadsskjemaet vil me vurdera søknaden og kva behandlingsbehov du har. Etter denne vurderinga vil du få informasjon om kva gruppe du vert plassert i med hensyn til dag og tidspunkt og kva som er gjeldande reglar for bassengtreninga. Ved tildeling av bassenggrupper, vil personar med helsemessige behov bli prioriterte. 

Søknaden er gyldig for eitt år om gongen. Det betyr at du må senda inn eit nytt søknadsskjema for kvart år dersom du har behov for bassengtrening utover eit år. Du kan senda inn søknadsskjemaet kontinuerleg gjennom heile året.  

 

Søk om bassengtrening her. 

 

Pris 

Me følgjer nasjonal takst for fysioterapeutar. På nettsida lovdata.no finn du oppdatert informasjon om kostnad.

Vurdering: Takst A1a. Bassengtrening: Takst C34d + C34g. Har du frikort er tilbodet gratis. 

Du vil få ein faktura frå oss kvar månad.

 

Kva forpliktar du deg til? 

Du forpliktar deg til å delta på treninga i størst mogleg grad i den perioden du har fått plass. Dersom du ikkje ønskjer å nytta deg av tilbodet skal du gje beskjed til fysioterapiavdelinga eller til ansvarleg fysioterapeut for gruppa. 

Du må avbestille seinast arbeidsdagen før avtalt time. Dersom du ikkje gir beskjed om at du ikkje kan møta, blir du fakturert med honnorartakst.  

 

Kontaktinformasjon 

Har du spørsmål angåande bassengtrening kan du ta kontakt med fysioterapiavdelinga på 52 79 23 36 eller 48 99 70 96

Fysioterapi
Fysioterapeut, ergoterapeut
Telefon 52 79 23 36