Påvising av eigedomsgrenser

Påvising av eigedomsgrenser

Dersom grensemerke for ein tidlegare oppmålt eigedom er brote, kan du bestilla ei ny grensepåvising. Det same gjeld dersom det er uklart kor grensene for ein eigedom går.

Ei slik grensepåvising vert gjennomført som ei ordinær oppmålingsforretning.

Kven kan søkje?

Rekvisisjon av grensepåvising kan gjerast av den som har grunnboksheimel (er eigar av) til eigedomen, festar av eigedomen, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt frå ein av desse.

Slik søkjer du

Ved påvising av eigedomsgrenser skal du nytta søknadsskjema for rekvisisjon av oppmåling. (PDF, 285 kB)

I tillegg skal følgjande informasjon leggjast ved:

  • Kart som viser kva eigedomsgrenser du ønskjer klarlagt samt kva partar som vert berørt. Kartportalen Kommunekart kan nyttast til dette.
  • Eventuelt gamle målebrev, skylddelingar, utskiftingsforretning eller anna informasjon som kan vere relevant for saka.

 

Fullstendig rekvisisjon skal sendast til
Suldal kommune
Eidsvegen 7
4230 Sand

Eller på epost til postmottak@suldal.kommune.no

Saksgang

Klarlegging av grense er fritatt søknadsplikt og tinglysing. Fullstendig rekvisisjon vil bli lagt til oppmålingsgruppa som tek kontakt om tidspunkt for oppmåling av eigedomen. Dette skal normalt skje innan ein frist på 16 veker.

Er det nymerking av tidlegare oppmålte og koordinatbestemte grenser (oppretta etter 1980), er det ikkje krav om at alle berørte partar møter under oppmålingsforretninga.

Men er det merking og måling av tidlegare skylddelte grenselinjer som ikkje tidlegare er nøyaktig innmålt og kartfesta, er det eit krav om at alle berørte partar møter og godkjenner den nykartlagte grensa før denne blir ført i matrikkelen.

Kva kostar det?

Her finn du gebyr

Klage

Matrikkelføring av klarlagt grense kan påklagast av berørte partar. Klagefristen er 3 veker og startar frå den datoen du mottek matrikkelbrev eller underretning om matrikkelføring jf §46 i matrikkellova.

Lovar og reglar

For meir utfyllande informasjon og regelverk sjå:
Matrikkellova
Vinterforskrift (oppmålingsfrist i vinterhalvåret)

Kåre Myklebust
E-post
Telefon 40 41 89 65
Mobil 40 41 89 65

Opningstid

Alle dagar 08.00 - 15.00