Deling av eigedom

Deling av eigedom

Kva tilbyr me?

Ved oppretting av ny grunneigedom blir eit areal av ein eksisterande eigedom oppmålt og gitt eit eige matrikkelnummer (GNR/BNR). Den nye eigedomen vert så ført i matrikkelen, tinglyst og registrert i eigedomskartet.

Dette gjeld og for oppretting av festetomter eller punktfeste.

For å få delt frå ny grunneigedom må du søkje om delingsløyve etter plan- og bygningslova §20-1 og evt. jordlova §12.

Kven kan søkja?

Søknad om deling kan gjerast av den som har grunnboksheimel (er eigar av) til eigedomen, festar av eigedomen, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt frå ein av desse.

Slik søkjer du

Ved søknad om deling av ny grunneigedom skal du nytte søknadsskjemaet «rekvisisjon av oppmåling» . (PDF, 285 kB)

I tillegg skal følgjande informasjon leggjast ved:

  • Kart som viser kor eigedomsgrensene til den nye eigedomen skal gå, samt kva partar som vert råka.  Kartportalen Kommunekart kan nyttast til dette.
  • Skjema for nabovarsel skal sendast berørte naboar saman med kart som viser grensene for aktuell tomt.
  • Skjema for gjenpart av nabovarsel saman med kvittering for nabovarsel skal følgje søknaden til kommunen.
  • Er oppretting av eigedomen i strid med reguleringsføremålet i anten reguleringsplan eller kommuneplan, må du legge ved eit følgjebrev der du søkjer om dispensasjon frå gjeldande plan. Dispensasjonssøknaden må vere grunngitt med dei argumenta søkjaren meiner er viktige.

Fullstendig søknad skal sendast til
Suldal kommune
Eidsvegen 7
4230 Sand

Eller på epost til postmottak@suldal.kommune.no

Saksgang

Delingssøknaden har ulik saksbehandlingstid avhengig av om saka er å sjå på som ei delegasjonssak (i samsvar med reguleringsplan) eller om det er ei sak som må opp til politisk behandling (dispensasjonssak).

Når eit eventuelt delingsvedtak føreligg, vil søkjar få brev om dette.

Samstundes som dette skjer, blir saka overført til oppmålingsgruppa som tek kontakt med søkjar og avtalar tidspunkt for endeleg oppmåling av eigedomen. Dette skal normalt skje innan ein frist på 16 veker.

Kva kostar det?

Du finn gebyr her.

  • Gebyr for oppmåling
  • Tinglysingsgebyr
  • Saksbehandlingsgebyr (etter PBL§20-1)
  • I tillegg eventuelt saksbehandlingsgebyr (etter jordlova §12)

Klage

Oppretting av grunneigedom kan påklagast av berørte partar. Klagefristen er 3 veker, og den startar frå den datoen du mottek matrikkelbrev eller underretning om matrikkelføring jf §46 i matrikkellova.

Lovar og reglar

For meir utfyllande informasjon og regelverk sjå:

Matrikkellova

Vinterforskrift (oppmålingsfrist i vinterhalvåret)

Plan og bygningslova

Jordlova

Kåre Myklebust
E-post
Telefon 40 41 89 65
Mobil 40 41 89 65

Opningstid

Alle dagar 08.00 - 15.00